Leiar: Fornuftig forbod

Langrennskomiteen i Norges Skiforbund har vedteke forbod mot fluorinnhaldige smøreprodukt for årsklassane 16 år og nedover. Eit liknande forbod vart vedteke i fjor, men då med atterhald om at det vart utvikla gode nok testmetodar. No skal desse vere på plass, og regelen trer derfor i kraft til årets skisesong.

Det er førebels ikkje sagt noko om sanksjonar viss nokon bryt forbodet. Men skiforbundet oppmodar heile langrenns-Norge til å respektere det. – Dette er eit klart verdival for alle som er glad i norsk langrenn, seier leiar i langrennskomiteen, Torbjørn Skogstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire grunnar til at det blir innført eit slikt forbod. Det handlar blant anna om helse og økonomi. Dei fluourinnhaldige produkta som blir nytta for å få skikkeleg glid på skia, inneheld stoff som ikkje er bra for helsa. Å stå i ei tett smørebu og bruke desse produkta kan rett og slett vere helseskadeleg. Skal denne typen produkt brukast, må det skje innanfor strenge reglar og rammer. I tillegg legg fluoren att spor i naturen som det tek lang tid å bryte ned.

Men forbodet handlar også om kor mykje alvor som skal leggast inn i barneidretten. For bruk av avansert fluorinnhaldige glidprodukt er avansert, også i økonomisk samanheng. Tusenlappane flyg skal ein henge med og bruke dei heftigaste produkta som sikrarar løparane fart på skia. Det rimar dårleg med barneidrett, der måla er meir samansette enn å dyrke fram einarane i ung alder.

Fluorforbod vil føre til meir jamne forhold for unge idrettsutøvarar. Det står ikkje og fell på om du har foreldre med god økonomi på same vis som i dag. Ungane vil konkurrere under meir like vilkår. Fluorforbodet er kort og godt eit bra tiltak for å dempe pengejaget i barneidretten og skape meir rettferdige rammer for sunn idrettsglede.

Sjølvsagt er det krevjande å kontrollere at alle følgjer spelereglane. Men oppmodinga frå skiforbundet bør vera tydeleg nok: Dette handlar om sunne verdiar for norsk barneidrett. Alvoret og pengekravet kjem tidsnok som det gjer.

Norsk langrenn er ikkje lenger ein billeg idrett. Kravet til utstyr er noko heilt anna enn tilfellet var i tidlegare tider. Fluorforbodet endrar ikkje på dette, men det er eit viktig steg i rett retning.