Lars Ole Skogen.
Lars Ole Skogen.

Kvittar seg med hus

Hol kommune skal sette i gang prosessen med å redusere kommunal bygningsmasse.

Magnus Lindahl

I siste kommunestyremøte før jul bad politikarane rådmann Lars Ole Skogen og eigedomsavdelinga sjå om det går an å få ein brukbar pris for Lien barnehage og fire einingar i Geilolie borettslag. Frå før i år har kommunen seld Ustedalen gamle skule for 1.750.000 kroner og Geilomoen barnehage for 1.500.000 kroner. Per 26. november eig kommunen 214 kommunale, bygg, anlegg og eigedommar.