Kva med realismen?

Politikarane i Hemsedal må velje – mellom badeland eller skitunnel. Men det kan bli eit vanskeleg val. For begge står høgt på ynskjelista.

Planane om skitunnel vart fyrste gong lansert for snart fire år sidan. Storelia Holding og utbyggar Erik Teigen ville bygge Norges fyrste og verdas største skitunnel inntil Hemsedal Skisenter. – Hemsedal vil kunne tilby langrennsløyper nær sagt året rundt. Dette kan gje opp mot 70.000 ekstra gjestedøgn, hevda Teigen. Skitunnelen skulle bli på heile 2500 meter. Kostnaden var rekna til 130 millionar kroner, og den skulle stå ferdig innan eit par års tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men – den låg eit MEN i forslaget. Kravet frå Teigen var fritak frå reglane om utleigeplikt for leilegheitene i Fjellgaarden. Vidare at han fekk bygge 70 fleire leilegheiter enn dei 50 som alt var godkjent av kommunestyret.

Kommunepolitikarane var med på «handelen». Ja, dei var over seg av begeistring. Teigen slapp utleigeplikt og fekk godkjent fleire leilegheiter. Men etter kommunestyrevedtaket for snart fire år sidan, har det vore stille. Ingen har sett nokon skitunnel. For Teigen er den blitt ein klamp om foten.

Dette er bakgrunnen for at han no presenterer ein ny idé. I staden for skitunnel vil han bygge eit spektakulært bade- og aktivitetsanlegg. Eit fjellbad midt i skisenteret med 500 eksklusive utleigesenger. Det skal vere privat drift, men kommunen skal kunne leige seg inn som brukar. Men det er ingen føresetnad, understrekar Teigen som ber om at politikarane skrinlegg kravet om bygging av skitunnel i bytte mot badeanlegg.

For politikarane kan utspelet synast som ei gåvepakke. I fleire tiår er det blitt jobba med svømmehall. Også i valkampen framfor sist kommuneval var badeanlegg den store diskusjonssaka.

Så langt har alt stranda på økonomi. Med Teigen sitt opplegg slepp kommunen å tenke på den slags. Det kan iallfall synast slik. Eller som KrF-politikar Olav Støyten konkluderte etter Teigens presentasjon i tysdagens formannskapsmøte; – Du er ein god seljar som viser planar utan avgrensingar. Men det er ein del utfordringar for kommunen sin del.

Det er det. Både med omsyn til finansiering. Leigetilhøva for kommunen. Kommunen sine behov sett opp mot den kommersielle drifta av anlegget. Vegløysinga til anlegget. Dessutan – at det fort vart stille om skitunnelen då kommunen hadde sagt ja til fleire leilegheiter og fritak frå utleigeplikt, har gjort politikarane litt skeptiske til Teigens luftige planar. Men ideen er god. Spørsmålet er berre no som då skitunnelen vart lansert – kva med realismen?