Sigve.
Sigve.

Kunstnar på ferde

Ikkje er eg kjendis, og ikkje blir eg kjent att på gata. Ikkje har eg hatt TV-program, gitt ut bok eller hatt utstilling. Derimot har eg streva jamt og trutt i mange år og sett tekst og bilete på trykk her i spaltene våre. Og slik er det vel med dei fleste av mine kollegaer.

Morten Krogvold, derimot, er ei anna sak. Raudluggen er kjend over det ganske land. Som fotograf, kunstnar og programleiar på TV. Og når sant skal seiast, var programma hans faktisk ganske gode. All ære til ein yrkesbror for at fotografiet blir vist fram slik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så er han altså kjendis. Det er ei storhending når Krogvold reiser rundt og fotograferer. Opp gjennom åra har me hatt fleire reportasjar når han har vore i dalføret vårt. Eg kan hugse at han hadde fotokurs i Budalen på Geilo saman med Johan Brun. Det var ein kontrast; den entusiastiske Krogvold og den sindige Brun. Slik utfylte dei kvarandre godt.

Då blir sjølvsagt forventningane store. I alle fall mine, då eg las i bladet at Krogvold skulle portrettere Martin Myhr, denne flotte, spreke dansaren som framleis dansar skjorta av dei fleste.

– Dette kan bli bra, tenkte eg. Eg såg for meg eit bilete som tydeleg signaliserte kva slags eigenskapar denne unike dansaren har. Og som gir oss ein ide om kvifor han er funnen verdig til ein plass på veggen i folkemusikkens «Hall of fame».

Men då eg etter ein ferietur la meg til rette i hengekøya for å lese aviser, fekk eg kaffi’en i vrangstrupen. Der sat Martin, på huk, i dress, vest og hatt, framfor ein murvegg på saga på Torpo.

Hmm, tenkte eg. Pussig. Ein uvanleg og noko uventa positur, spør du meg. Attpå til såg det ut som om han måtte støtte seg oppetter muren. Men så kom eg på at det var ein kunstnar som hadde vore på ferde. Då må ein vel berre slå seg til ro med at stor fotokunst kan vere uvanleg. Så hatten av for Krogvold!

Og aldri så gale at det ikkje er godt for noko. I alle fall har eg tenkt å rappe ideen, eller «settingen» som det heiter i dag. Neste gong eg skal ta bilete av t.d. ordførar Ivar Brevik, lurer eg på å ta han med ut og få han til å sette seg på huk, oppetter veggen på Tingstugu. Det er jo der han sit i alle fall. Stort tydelegare signal kan det ikkje bli.

PS: Ikkje eit vondt ord om Martin. Han kan ikkje for at Morten Krogvold er ein kunstnar. «Sjølv har ikkje Myhr sett biletet», stod det forsiktig i Hallingdølen.

Og det er vel kanskje like greitt ...