Sigmund Krøvel-Velle.
Sigmund Krøvel-Velle.

Kunsten å prokrastinere

Mange meiner Facebook er tøys, tant og fjas.

Eg er ikkje enig.

Artikkelen held fram under annonsen.

FB er morosamt, interessant og lærerikt. Og ein god ven i lange kveldar.

Nyleg sat eg på eit hotellrom på Lillehammer. Der las eg at ein FB-ven, ei amerikansk felespelande jente, hadde vore på Gol, der ho «had a great time, procrastinating the whole day, until I went home …»

Ho hadde vore ein heil dag på Gol og prokrastinert. Berre ordet var uhyggeleg. Eg fekk gåsehund oppetter ryggen. Eg tenkte automatisk på ekle ting som magesår, ufrivillig vasslating og nyrestein. Eg likte ikkje ordet.

Men kva tyder det? Eg skreiv på Facebook «What means procrastinating?»

Straks fekk eg svar frå ein annan FB-ven, også dette ei amerikansk kvinne. Ho fortel at procrastinate er eit høgtideleg ord for «to postpone or delay needlessly». Altså å utsette ting.

Med andre ord; det er eit finare ord på den gode, gamle norske leveregelen: «Gjer aldri i dag det du kan utsetje til i morgon».

Psykologane snakkar om «utsetjingsåtferd». «Strukturert utsetjing» heiter det også. På høgare lærestader snakkar ein om «studentsyndromet», som gjer at det gjerne tek nokre år ekstra før den akademiske graden kjem.

Då eg først skjøna kva ordet betydde, vart eg litt lettare til sinns. Kven er det som ikkje ventar til i morgon? Let oppvasken stå og støvet vekse? Eg ser ikkje bort frå at eg sjølv prokrastinerer litt, kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha tenkt litt over saka, lurer eg faktisk på om eg skal gjere meir av det. Eg har nemleg kjøpt meg hengekøye. Den skal eg spenne opp i hagen og legge meg oppi. Og då kan graset berre vekse og løvetanna berre blomstre. Verda kan gå sin gang nede på bakken medan eg prokrastinerer i hengekøya. Det kan bli ein fin sommar.

Og det kan eg takke Facebook for.

Sigve.