Det første anbodet for tilbygget (lengst til høgre) hamna på 12,5 millionar kroner, men også eit nedskalert prosjekt til 9,5 millionar er 2,5 millionar meir enn det kommunen hadde rekna med.
Det første anbodet for tilbygget (lengst til høgre) hamna på 12,5 millionar kroner, men også eit nedskalert prosjekt til 9,5 millionar er 2,5 millionar meir enn det kommunen hadde rekna med.

Kostnadssprekk gir stadige utsetjingar

Ei utbygging av adminstrasjonstilbygg for avdeling for miljøterapi på Prestegardsjordet i Ål blir stadig utsett.

Etter at anbodsrunden resulterte i eit kostnadsestimat på 12,5 millionar kroner, mot ei tenkt ramme på 7 millionar, vart utbyggingsbehovet prøvd krympa. Ein ny anbodsrunde etter dette fekk likevel ikkje prisen lenger ned enn til 9,5 millionar kroner.

Rådmannen meiner pengane må på bordet og vil omdisponere midlar avsett til ombygging av Skattebøl barnehage, ettersom det er 60 tilsette som har «ueigna arbeidstilhøve» på Prestegardsjordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då formannskapet såg på saka 10. oktober valte fleirtalet å utsetje saka for å sjå på behovet i samband med økonomiarbeidet for heile kommunen. Saka er med andre ord ikkje avgjort.