Kinkig sak

Røggelia kan bli det nye store utbyggingsområdet i Hemsedal. Men endå ein gong er interessemotsetningane sterke. På den eine sida står grunneigarane. På den andre Skistar. I verste fall kan motsetningane føre til at utbygginga blir skrinlagt.

Røggelia omfattar området frå fjelltoppen Røggjin og ned mot Tuv. Grunneigarane har gjennom selskapet Røggjin Utvikling AS sett av 470 dekar til ei storstilt turistutbygging. Planen omfattar 3–400 hytter og leilegheiter. Dette vil gje opp mot 2.500 nye senger. Det er også sett av areal til åtte nye nedfartar, heisar og skitrekk, område for frikøyring og ulike aktivitetar. Dei fyrste planane vart lagt fram for politikarane for to år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Diskusjonen kring kommunens næringsplan har aktualisert utbygginga. Grunneigarane har også henta inn hemsedølen Dag Rune Langehaug som konsulent for å få fortgang i prosjektet. Bodskapen til Langehaug og grunneigarane er klokkeklar; Fritt sal av hytter og ingen utleigeplikt. Viss ikkje, blir det inga utbygging. Ifylgje Langehaug vil det ikkje vere økonomi i prosjektet dersom kommunen stiller krav om utleigeplikt. – I Røggelia er det berre marknad for private hytter. Dette vil også styrke heilårsturismen, fastslår Langehaug.

Men i dagens utgåve av Hallingdølen får Langehaug svar på utspelet. Attpåtil frå det som skulle vere ein samarbeidspartnar. Frå Skistar. I planane er heisselskapet tiltenkt rolla som alpinutbyggar i Røggelia.

Dagleg leiar Andreas Smith-Erichsen i Skistar Hemsedal er minst like klokkeklar som Langehaug. Heisselskapet investerer ikkje ei krone i Røggelia dersom det berre blir lagt opp til private hytter. Utbygginga må også omfatte utleigesenger. – Kommersielt reiseliv handlar om volum. Store volum. Utleigesenger vil gje fleire gjester og er dermed avgjerande for Skistar sine framtidige investeringar, fastslår Smith-Erichsen.

Kommunepolitikarane i Hemsedal avgjer spørsmålet om utleigeplikt. Men dette er ei kinkig sak. Seier dei nei til utleigesenger, risikerer dei at Skistar kastar korta. Seier dei ja, kan grunneigarane droppe prosjektet. Eit kompromiss er einaste redninga. Men då må politikarane gå bort frå dagens sengekrav for heisnære område. Desse seier at 70 prosent av sengene skal vere utleigesenger, 30 prosent kan vere private.

Ein slik brøk vil grunneigarane aldri kunne godta. Økonomien i prosjektet går ikkje i hop. Røggeli-utbygginga er difor avhengig av at ein finn fram til ein fornuftig brøk, og ei sengefordeling begge partar kan godta.

Det beste vil sjølvsagt vere om Røggjin Utvikling AS og Ski-star blir samde på kammerset. Viss ikkje, må kommunen ta på seg ei aktiv meklarrolla. For dette er ei viktig utbygging for Hemsedal. Den vil lyfte reiselivsproduktet. Den vil gje turistdestinasjonen ein ny dimensjon. Difor kan ikkje kommunen sitje stille å sjå på at prosjektet renn ut i sanden.