Sondre Juven (18) var med i medaljekampen på begge mellomdistansane i innandørs-NM. Biletet er frå eit stemne i Rudhallen i Bærum i januar.
Sondre Juven (18) var med i medaljekampen på begge mellomdistansane i innandørs-NM. Biletet er frå eit stemne i Rudhallen i Bærum i januar.

Juven lukta på NM-medalje

Sondre Juven (18) viste lovande takter og var med i medaljekampen både på 800 og 1500 meter i innandørs-NM.

Friidrett: Meisterskapen vart avvikla i Rudhallen i Bærum i helga.

Junior og mellomdistanseløpar Sondre Juven frå Nesbyen var einaste halling. Han sprang 1500 meter laurdag og 800 meter sundag i konkurranse med 25–30 skarpskodde konkurrentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjempa om bronse

Sundag var Sondre med i medaljekampen heilt til innspurten. Han måtte nøye seg med fjerdeplass, men han har all grunn til å vera fornøgd med både tida og løpet.

1.53,90 er meir enn godkjent utan spesialtrening på ein 200 meters bane der svingane er skarpare enn utandørs.

Thomas Roth tok gullet på 1.51,26 med fire lovande juniorar på dei neste plassane. Supertalentet Jakob Ingebrigtsen (17) tok sølvet på 1.52,01, like etter at han hadde tatt gull på 3000 meter. Didrik Hexberg Warlo tok bronse sju tidelar før Juven.

Sjetteplass på 1500

Også på 1500 meter var Sondre Juven lenge med i medaljekampen. Han drog sølv- og bronsefeltet bak suverene Jakob Ingebrigtsen til det stod att 500 meter.

Då måtte han gi seg i medaljekampen og sprang inn til sjetteplass på tida 3.54,75. Det er også ei svært sterk tid for ein 18-åring som ikkje har spesialtrening innandørs.

Jakob Ingebrigtsen var i ein klasse for seg, distanserte konkurrentane og vann på 3.42,79 etter eit løp som har vekt oppsikt internasjonalt. Tom Erling Kårbø og Ådne Andersen tok sølv og bronse på 3.49-talet.

– Stor framgang

Løpa under innandørs-NM viser at Sondre Juven er i rute. Både Juven sjølv og trenar Magnus Lindahl er fornøgde.

– Utan spesifikk innandørstrening er NM-løpa opplyftande. Han har hatt stor framgang på kondisjon, bygd seg gradvis opp frå i haust og vorten raskare, sterkare og spenstigare. Det tyder på at han kjem til å springe fort til våren, seier Lindahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utandørssesongen startar i mai. Truleg opnar Juven banesesongen under eit internasjonalt stemne i Manchester 12. mai.