Christian Fredrik Andreas Kjelstrup var prest i Ål frå 1851 til 1867. Han markerte seg ikkje berre på det religiøse plan. Han var kjend og berykta for sine kjempekrefter.
Christian Fredrik Andreas Kjelstrup var prest i Ål frå 1851 til 1867. Han markerte seg ikkje berre på det religiøse plan. Han var kjend og berykta for sine kjempekrefter.

Juleselskap med smell

Det var i dei dagar prestane utmerkte seg i bygdene. Om enn ikkje alltid på det religiøse plan.

I gamle dagar feira også prestane jula på skikkeleg bygdevis.

Men i eit juleselskap på Sundre i Ål ein gong i 1850-åra gjekk det over styr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christian Fredrik Andreas Kjelstrup var prest i Ål frå 1851 til 1867. Han var ein av fleire markante prestar som sette sitt preg på bygdene på 1800-talet. Og det var ikkje berre religiøst. Karen Stenersen var dotter til Gabriel Hofgaard Stenersen som var prest i Ål frå 1840–1850. I «Illustrert Tidende for børn» i 1899 skildra ho nokre av prestane og samfunnet dei levde i. Nes hadde i mange år hatt udugelege prestar, skreiv ho. «Den ene var nu fullstendig gal, og den siste var rent vild, naar han blev vred. Han skjød efter kone og børn. Jeg har selv seet huller i vægge og døre paa Nes prestegard efter hans geværkugler».

KJELSTRUP SKAL HA VORE godlynt og mild, men myndig som prestar flest.

Dessutan var han sterk. Han er kjend som presten som kasta den kjende slåsskjempa Rotneims-Knut (Knut Andreson Perigarden Rotneim, 1810-1851) på dør i hans eige bryllup. Derfrå kjem også denne tekstlinja i songen om Rotneims-Knut: «Rotneims-Knut, leug og mjuk, dæ æ berre presten som kasta’n ut ...»

Presten i Gol, Jens Laurits Kjerulf, var til stades på julefesten på Sundre. Han unngjekk så vidt eit angrep frå prestekollega Kjelstrup då festen utarta.
Presten i Gol, Jens Laurits Kjerulf, var til stades på julefesten på Sundre. Han unngjekk så vidt eit angrep frå prestekollega Kjelstrup då festen utarta.

For skulle det hende at Kjelstrup vart terga, gløymde han kjempekreftene sine. Kjempekreftene kom uansett godt med. For før han kom til Ål, var han Gols første sokneprest. Og mens kyrkjelyden i Ål var fredeleg, var det annleis i Gol. «Folket der var aldeles vilde og ustyrlige», skildra Karen Stenersen. Ho fortalde om ville tilstandar i kyrkja. «De (golingene) brugte at gjøre kast over alterringen, mens presten stod for alteret.»

Den fyrste sundagen Kjelstrup og kona hans budde i prestegarden i Gol, samla det seg ei mengd folk som kasta stein på huset og skreik. Kjelstrup prøvde å halde seg roleg og prøvde å snakke dei til rette. Den taktikken lukkast han ikkje med. «Men saa var prestens blod kommet på kogepunktet», skreiv Stenersen. No måtte presten ta i bruk andre metodar. «Han tog en av de værste, slog med ham 3–4 andre overende og gav ham en god dragt prygl».

I 1851 KOM Kjelstrup til Ål. Og som fleire stader i Hallingdal gjekk bygdas fintfolk i juleselskap. Juleballa i Gamle Nes er velkjende, noko kunstnaren Hans Gude har skildra framifrå. Ein gong på 1850-talet inviterte lensmann Pleym til «selskabeligheder». Blant bygdas fintfolk kom kaptein Dunker som budde i «chefsgården» Gullhagen. Prest Kjelstrup var sjølvsagt på plass. Det same var presten i Gol, Jens Laurits Kjerulf, og hans tre søner. Handelsmann Bruun på Rolfshus var også her. Og festen starta bra. Det vart dans og etter kvart god stemning slik det skulle vere. Dei to prestane var også i godt slag. Men festen utarta. Kaptein Dunker, som gjekk for å vere ein hissigpropp, fornærma Kjelstrup. Då tende presten. Han tok tak i den iltre kaptein Dunker og slengde han bortover stovegolvet. Landhandlar Bruun fekk same behandling då han prøvde seg. Presten tok Bruun i bringa, og heiv han mot veggen.

Då ville sokneprest Kjerulf gå inn som fredsmeklar.

Men då tende Kjelstrup att. No ville han ta golingspresten. Kvinnene i selskapet ringa seg rundt Kjerulf for å verne han mot ein hissig ålingsprest. Ulrik Kjerulf, son av golingspresten, sa: «Det er då kløyvande at han skal få fara åt koss han vil».

Artikkelen held fram under annonsen.

«Hvad er det du siger min gutt?», svara Kjelstrup, og prøvde å få fatt i guten som prøvde å rømme ut kjøkenvegen. Ulrik Kjerulf greip tak i eit vedatre og sa: «Dæ æ so mykji de sjå at’n vil dræpa me». Då sette Kjelstrup seg i sofaen. «Hvor er reisestøvlene mine», sa han. Han tok ein støvel i kvar hand og gjekk ut.

UTANFOR STOD Torstein Dengerud, ein av bygdas kjende slåsskjempar.

Han høyrde presten skrike at no kunne dei berre kome, så skulle han ta dei alle om dei så var eit halvt hundre mann. «Æ dæ slik preike han far heldt i dag», sa Dengerud. «Der hører jeg Dengeruden», svara presten og gjekk etter Denegrud’n som la på sprang. No hadde også tenesteguten til kaptein Dunker, han som vart kalla Axker-Karl, kome til Pleymsgarden for å hente kapteinen. Også han fekk seg ein kilevink av Kjelstrup. Så gjekk presten heim mens han ifølgje soga huga iltert og «linka og spretta seg og slo hælane opp i baken så det small».

Kjelder: E. Bækkestad, Dølaminne 3/4 1926. Hallingdølen. Gamle Hallingdal, 2003. Ål bygdesoge, band II. Boka om Gol, band II.