Ja-politikk med bismak

Frå 1. juli kan du føre opp garasje eller andre frittståande uthus på inntil 50 kvadratmeter, utan å ha byggeløve frå kommunen.

Formålet til den blåblå regjeringa er at ting skal bli enklare, både for folk flest og kommunane. No skal kommunane konsentrere seg om dei store sakene, medan småbygginga blir overlaten dei den gjeld. Heretter blir opp til utbyggjar sjølv å sjekke ut om det er mogeleg og lov å byggje slik han eller ho ynskjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange vil støtte ei ja-prega lovendring som tek bort litt byråkrati. Spørsmålet er likevel om fordelane blir så store for folk flest. For når ein seier ja til nokon, seier ein også nei til andre. I Hallingdal er det stort sett slik at folk ikkje treng vente lenge på eit byggeløyve. Dei kan bygge trygt og enkelt, med dagens ordning. Og samtidig kan naboar flest gå rundt i forvissing om at dei ikkje risikerer ein skjemmande murvegg klin i stoveglaset.

– Behandlinga av min søknad gjekk raskt. Det einaste eg måtte gjera var å gå rundt med nabovarsel, seier garasjebyggar Øystein Velure i Ål til Hallingdølen. Han stadfestar med det at dagens ordning fungerer bra. Velure kan bygge trygt, utan at han slepp trøbbel i etterkant.

Etter dei nye reglane risikerer også garasjebyggaren å få mykje trøbbel. Det skjer dersom han eller ho gjer ting som ikkje er i tråd med reguleringsføresegnene, og nokon klagar. Og det kan vera fort gjort å gjera feil for ein som ikkje har peiling på byggesak.

Dette stadfestar også byggesaksbehandlar i Ål kommune, Olav Warberg, i dagens Hallingdøl. – Ved brot på regelverket kan utbyggjar bli pålagt å rive ned det som er sett opp, seier han.

No blir det også slik at ein veldig misnøgd nabo ikkje lenger kan klage til kommunen. Vil du ha bort det nye irritasjonsmomentet, må du sjølv grave fram nabolova og prøve saka for retten. Og det kan bli mykje å krangle om når den nye lova opnar for bygg på 50 kvadrat og fire meters høgde. Her luktar det advokatmat.

Frå utsida virkar det litt underleg at ei regjering utgått frå Høgre og Frp ikkje er meir interessert i å verne om eigedomsretten til den enkelte vesle huseigar. Opposisjonen kan enkelt snu regelendringane til ei veldig god sak for seg. Skal det bli slik at pengane rår i nabolaga også, og at det er den som har best råd til advokatar som vinn?