– Kult at dei arrangerer ei eigen samling for jenter, synest Serafima Krasnonosova. Ho er frå Russland, men jobbar til dagleg som ingeniør i Stavanger.
– Kult at dei arrangerer ei eigen samling for jenter, synest Serafima Krasnonosova. Ho er frå Russland, men jobbar til dagleg som ingeniør i Stavanger.

Iskalde jenter

Massive blågrøne istappar heng loddrett ned over Hemsil. Spisse isøkser finn vegen inn i den frosne materien, så isspruten står til alle kantar.

Det er som om fossane er frosne fast i augneblinken. I enden av tre klatretau jobbar grøne, blå og raude skaljakker seg opp isveggen.

Berre for jenter

I helga vart det arrangert Nasjonal Isklatresamling for jenter. I Golsjuvet hadde instruktørar og deltakarar samla seg til nybegynnarkurs. Ulike stader i Hemsedal vart det arrangert ulike kurs i kameratredning og klatring på led. Til saman var 50 jenter samla til ei helg i dei iskalde elementa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hemsedal er sentralt plassert. Her er det mange bra stader å klatre is. Både for nybegynnarar og meir erfarne, fortel Lisa Kvålshagen Bjærum, ein av initiativtakarane til samlinga.

– Kvifor berre jenter?

– Terskelen for jenter til å klatre is er større enn for gutar. Karane er oftare tøffare og mange jenter klatrar som oftast berre saman med menn. Då hamnar dei lett i andre rekke. Det er kanskje litt dumt med ei rein jentesamling, men me trur at det vil dra fleire jenter til denne sporten.

Karabinkrokar.
Karabinkrokar.
Initiativtakarar er Lisa Kvålshaugen Bjærum (t.v.) og Siv Kristiansdotter Bøyum.
Initiativtakarar er Lisa Kvålshaugen Bjærum (t.v.) og Siv Kristiansdotter Bøyum.
Mykje aktivitet i Golsjuvet.
Mykje aktivitet i Golsjuvet.
Mykje aktivitet i Golsjuvet. Det er ei oppleving å klarte is. Fossane er som frosne fast på nokre sekund.
Mykje aktivitet i Golsjuvet. Det er ei oppleving å klarte is. Fossane er som frosne fast på nokre sekund.
Det er ei oppleving å klarte is. Fossane er som frose fast på eit augneblink.
Det er ei oppleving å klarte is. Fossane er som frose fast på eit augneblink.
Stegjerna gjer det mogeleg å stå i isveggen.
Stegjerna gjer det mogeleg å stå i isveggen.
Eirin Breie klatrar mykje til vanleg, men har ikkje drive mykje med isklatring.
Eirin Breie klatrar mykje til vanleg, men har ikkje drive mykje med isklatring.
Det gjeld å lese formasjonane i isen.
Det gjeld å lese formasjonane i isen.
Isspruten står når øksa høgg til.
Isspruten står når øksa høgg til.
Kate Donnelly øver seg på korrekt hogg-teknikk.
Kate Donnelly øver seg på korrekt hogg-teknikk.
Klatretauet.
Klatretauet.
Åttetalsknute.
Åttetalsknute.

Lærer mykje nytt

Kate Donnelly hamrar isøksa bestemt inn i isen. Små isklumpar sprett ut frå veggen og regnar ned over hjelmen hennar.

– Eg øver meg på å hogge riktig, fortel ho.

Donnelly kjem frå England, men har budd i Nord-Norge i mange år. Ho melde seg på for å utforske området og for å møte andre klatrarar.

– Her er det mykje bra isklatring, og eg lærer mange tips og triks, seier ho.

Samlinga skjer i regi av Norges Klatreforbund (NKF). Første samling vart arrangert i fjor. I år er fem kvinnelege instruktørar med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det finst veldig få kvinnelege isklatreinstruktørar i Norge. Ei av dei me har med oss er Bjørg Selvaag som bur i Hemsedal og jobbar for Fjellsentralen, fortel Lisa Kvålshagen Bjærum.

Ikkje hogg i tauet

Eirin Breie frå Ål held eit fast blikk på isveggen. Roleg strammar ho tauet ettersom klatremakkeren stig oppover. Til dagleg bur ho i Kristiansand, men har teke turen heim for å klatre is.

– Eg klatrar og buldrar veldig mykje til vanleg, men isklatring har eg ikkje mykje erfaring med, smiler ho.

Breie synest det er ekstra artig at samlinga er lagt til Hallingdal.

– Då rekk eg ein middag hjå mamma og pappa i same slengen. Det er hyggeleg.

– Kva er det som er viktig når ein skal klarte is?

– Det er lurt å strekke seg ekstra langt med armane og heller gjere små rørsler med beina. Og ikkje hogge i tauet, sjølvsagt!

Bli flinkare

Deltakarane lærer dei å sjå etter formasjonane i isen og plassere øks og stegjern på plassar med godt tak. Eirin Breie drog til samlinga med ei klatrevenninne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho er hakket tøffare enn meg når det kjem til isklatring. Målet er at me skal kunne dra saman på isklatreturar, seier ho.

Forutan Breie er det få hallingar med på samlinga.

– Eg vil oppfordre fleire til å vere med neste gong. Det er lov til å vere heilt nybegynnar, forsikrar isklatraren frå Ål.