Europafilm AS)
Europafilm AS)

Innflyttarar hyller Oslo i “Høst”

Fredag var det norgespremiere på Jan Vardøens kjærleiksdrama «Høst». Terje Skår skaut seg inn i filmen – på grunn av nettopp kjærleik.

I mai i fjor debuterte utelivsbaronen Jan Vardøen som filmskapar med «Heart of Lightness».

«Høst» er ein hyllingsfilm til Oslo, seier regissøren sjølv opphavleg er frå London. Han har putta ei rekkje innflyttarar i sentrale roller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hyllingsfilm med innflyttarar

Bergensaren Helge Jordal spelar den mannlege hovudrolla, mot Ingeborg Sundrehagen Raustøl. Sistnemnde har slekt på Ål. Bjørn Sundquist, Sverre Anker Ousdal og Hilde Louise Asbjørnsen er heller ikkje frå hovudstaden.

Heller ikkje stills-fotograf Terje Skår passar heilt inn som Oslo-borgar, likevel er det han som blant anna har tatt bileta som prydar plakaten.

– Ja, det er mange innflyttarar, Oslo er ein «smeltedigel». Eg trudde det skulle bli trist å flytte frå Bergen til Oslo, men det var det ikkje. Tvert om er Oslo ein fantastisk by, seier Skår, som voks opp på Ål.

Europafilm AS)
Europafilm AS)
Mykje av filmteamet var heime hos Ruth Wesenlund undervegs. Framme i midten sit Jan Vardøen (med klippetavla), Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Ruth Wesenlund og Helge Jordal.
Mykje av filmteamet var heime hos Ruth Wesenlund undervegs. Framme i midten sit Jan Vardøen (med klippetavla), Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Ruth Wesenlund og Helge Jordal.

– Me har vore på fantastiske locations i ein vakker og rein by, seier han. Skår trur mange vil få seg ei positiv overrasking av å sjå filmen.

– Eitt av hovudpoenga med filmen er å vise at Oslo er ein vakker by.

Foto på si

Fotografering er noko han driv med på si, men etter at sambuar Christine Varden hadde vore involvert i Vardøens første film, vart han hyra som stills-fotograf til det neste filmprosjektet.

– Korleis var fotojobben?

– Som stills-fotograf skal ein dokumentere arbeidet og scenene, ikkje minst med tanke på promo. Men som støyande spegelrefleks-fotograf må ein ta bilete før og etter opptak, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag var det ein lukka premierefest på Gimle Kino. Fredag var det kinopremiere på norske kinoar, også i Hallingdal.