Trym Halbjørhus gjekk inn til ein 15.- plass under opningsdistansen i Sollefteå.
Trym Halbjørhus gjekk inn til ein 15.- plass under opningsdistansen i Sollefteå.

Ingen medalje til Halbjørhus

Trym Halbjørhus enda på 15.- plass etter fyrste renndag i rulleski-VM i svenske Sollefteå.

Under opningsdistansen torsdag låg han an til å bli blant dei ti beste, men mista piffen då han vart gåande åleine dei to siste rundane. Halbjørhus gjekk inn til ein 15.-plass. Svenske Anders Svanebo tok fyrsteplassen føre russiske Alexander Bolshunov på andre- og norske Even Sæteren Hippe på tredjeplass. Trym Halbjørhus vart med det nest beste nordmann. Hemsedølen er ein av 17 norske løparar i meisterskapen. Halbjørhus har ligge i hardtrening sidan han fekk beskjed om uttaket for kring halvannan veke sidan. Laurdag er han klar for fellesstart distanse.