Industrimisjonærar

Framsnakking av praktisk utdanning fører til auka tilstrøyming til faget teknikk og industriell produksjon ved Ål vidaregåande skole.

Tysdag hadde Hallingdølen eit oppslag om våre nye industrimisjonærar. Industripatruljen er eit prosjekt i samarbeid mellom NHO, Norsk Industri og industribedriftene i Hallingdal. Unge tilsette frå fleire bedrifter har gått saman om å informere andre unge om kva dører som kan opne seg etter eit studieløp på vidaregåande der utgangspunktet nettopp er faget teknikk og industriell produksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrkesfag opnar fleire dører enn mange trur, fortel dei unge industrimisjonærane. Dei vil rydde vekk fordommar om kjedelege jobbar med låg status. Middelet som skal fjerne fordommane er spreiing av kunnskap. Misjonærane forsikrar at faget både er spennande og gir gode moglegheiter for å koma vidare både yrkesmessig og til høgare utdanning.

Initiativet er både prisverdig og verdifullt. Utan forkleinelse for akademiske vegval; å kunne noko praktisk vil alltid vere nyttig. Og dessutan – kva er praktisk og kva er teoretisk i dag? Innan teknisk og mekanisk produksjon er det teoretiske og det praktiske så vove inn i kvarandre at det ikkje berre heldt med godt praktisk handlag. Me har rett og slett eit avansert arbeidsliv her i landet.

Arbeidslivet er i dag kjenneteikna ved at teori og det praktiske går hand i hand. Difor er det så viktig å få fram at yrkesfaga ikkje er ein endestasjon. Moglegheitene for å koma vidare til høgare utdanning er gode. Det same er høve til å utvikle seg vidare innanfor arbeidslivet. Ingen er ferdig utdanna frå vidaregåande skule. Ein er berre kvalifisert for å lære enno meir, anten det skjer på skulebenken eller i ei bedrift.

Bedriftene i Hallingdal ser seg heldigvis tent med å bruke tid og pengar på dette PR-arbeidet. Dei ynskjer seg godt kvalifiserte arbeidstakarar. Gjerne lærlingar som kan nytte læretida til å styrke faglege kunnskapar, og ikkje minst til å lære seg arbeids- og bedriftskultur. Ein lærling som skikkar seg vel har alltid gode sjansar for tilbod om jobb. Det kan misjonærane i industripatruljen det meste om.