Det strekkast og bøyast og tøyast på seniorgymmen. Birgit Bjella, Gudrun Gurigard og Beate Flattum Rud i full sving.
Det strekkast og bøyast og tøyast på seniorgymmen. Birgit Bjella, Gudrun Gurigard og Beate Flattum Rud i full sving.

Husmødrenes arv

Dei trimma lenge før slankebølga kom. Og dei trimmar framleis, langt oppi 80-åra.

eit lite hus midt i Ål sentrum, tidlegare fotostudio og vitne til fleire generasjonar både framfor og bakom kamera, bur ei lita dame ved namn Torgunn Tveito. Ho ser ikkje verda frå meir enn 155 centimeter over bakken, men ho har sett den i 92 år allereie – så ho kan ikkje ha gått glipp av så mykje, trass alt.

– Eg har faktisk krympa fem centimeter, kan det gå an? Spør ho, og ler hjarteleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her bur ho aleine. Noko ekstern hjelp får ho heller ikkje, ho skuffar snøen som blir brøyta på asfalten ved huset på vinteren, ståkar på i den grøne hagen om sommaren, og tek godt vare på huset ho sjølv vart fødd i.

Tveito reiste til Danmark i 1949 for å gå på idrettshøgskulen. Der budde ho fram til sommaren i 1950, og i tillegg til idrett tok ho kurs i både stofftrykk og handarbeid. Ho ville bli lærar i gymnastikk og formgjeving. Før Danmark gjekk ho på kunsthøgskule i Oslo. Å reise utanlands i 1949 var ikkje kvardagskost, enda mindre for å studere. Då ho kom tilbake til Ål, gjekk det derimot ikkje som planlagt. I staden for lærar, vart ho fotografassistent for familien som dreiv studio i huset.

– Far min vart dårlegare, så eg vart sittande inne på mørkerommet i staden for. Det er ikkje bra veit du, å sitje inne med alle desse kjemikaliane.

Torgunn la opp gymminga for godt i fjor, men gjer framleis øvingar i senga om morgonen. Det visast på formen hennar.
Torgunn la opp gymminga for godt i fjor, men gjer framleis øvingar i senga om morgonen. Det visast på formen hennar.
I 1949 reiste Torgunn til Danmark for å gå på Idrettshøgskulen. I fjor reiste 25.000 til utlandet for å studere, litt meir enn i 1949.
I 1949 reiste Torgunn til Danmark for å gå på Idrettshøgskulen. I fjor reiste 25.000 til utlandet for å studere, litt meir enn i 1949.
Dei to siste åra trappa ho ned instruktørrolla, og slutta med gymmen i fjor – 91 år gammal.
Dei to siste åra trappa ho ned instruktørrolla, og slutta med gymmen i fjor – 91 år gammal.
Det er ikkje alltid teknologien spelar på lag, og musikk må ein ha for å få litt rytme inn i økta.
Det er ikkje alltid teknologien spelar på lag, og musikk må ein ha for å få litt rytme inn i økta.
Det er ingen hemmelegheit at aktivitet gjennom heile livet kan auke livslengda, i tillegg til at det gjer godt for fysisk og psykisk helse.
Det er ingen hemmelegheit at aktivitet gjennom heile livet kan auke livslengda, i tillegg til at det gjer godt for fysisk og psykisk helse.
Birgit Bjella liker å halde seg i aktivitet, noko ho alltid har gjort.
Birgit Bjella liker å halde seg i aktivitet, noko ho alltid har gjort.

Ho fekk førespurnad om å lede gymnastikktimane til nokre damer, og gjorde det fram til 1953 då framhaldsskulen vart bygd.

– Det var veldig kjekt å få tilgang til ein skikkeleg og stor gymsal.

Ho instruerte på husmorgymmen fram til 70-talet. Konflikt innåt i miljøet gjorde at ho gav seg. Kvardagen bestod no 100 prosent av fotografverksemd og gardsdrift, og ikkje minst giftarmål i 1972 – etter å ha vore i lag i 22 år.

– Det var jo litt uvanleg på den tida, og det vakte reaksjonar og kritikk.

Men livet og tida går vidare, og med sjukdom kom død, og med teknologisk utvikling kom valet om å leggje ned fotobedrifta. Torgunn brukte om lag ti år på å vere ein ordinær pensjonist fram til 1995. Då kom gymmen på Kårstugu til verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg instruerte åleine der i ti år, og frå 2005 kom Ulla inn som medhjelpar. Etter kvart hadde me gymmen annankvar veke, men deltok alltid når eg sjølv ikkje hadde gymmen.

Dei to siste åra trappa ho ned instruktørrolla, og slutta med gymmen i fjor – 91 år gammal. For å halde seg i form no, startar ho kvar dag med litt sengegymnastikk.

– Då er kroppen varm og god, så då gjer eg nokre øvingar for å halde motorikken i gang.

Torgunn trur absolutt at eit gjennomgåande aktivt liv har skuld i helsa hennar i dag, i tillegg til ei god dose hell og flaks. Det finst ingen raud tråd kva helsa til familien angår, faren døydde ung, mora døydde gamal. Ho har overlevd alle syskena.

Senioranes måndag

Klokka er ti på halv elleve måndags morgon. Minusgradane denne tidlege oktobermorgon er i ferd med å bli historie, i det den blå himmelen saman med ei steikande sol gjer stivfrosne plantar om til våte, halvdaude bevis på ein komande vinter. På Frivilligsentralen står Birgit Bjella og gjer seg klar til vekas seniorgym. Eit vidare ledd, ikkje nødvendigvis bevisst, av den tidlegare husmorgymmen. Ho er ikkje fast instruktør, men me har likevel vald å titulere henne assisterande instruktør, då ho som eigentleg har gymmen er sjukemeldt.

– Er de berre kvinnfolk her og?

– Jau. Men det går veldig bra, me trivast ganske godt i lag. Men på seniordansen nede på Kårstugu derimot, der ville ingen danse før dei fekk ein kar å danse med. Så der er karane med, fortel Bjella.

Ein etter ein kjem dei inn døra. Eldre damer med breie smil og ei veske med innesko. CD-en med musikk blir sett inn i CD-spelaren, men den vil ikkje reagere i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter litt hodekløing og trykking og stille bønner, viser den endeleg livsteikn. Dei sprett opp av sofaen, og begynner å gå i ein ring. I takt til gode, gamle muntre låtar er armar og bein og hofter både hit og dit. Skuldra rullar, lår strekkjast, magar knytast – det er ikkje tempo eller intensitet til å bli skumsveitt av, men den sterke sola gjennom dei store vindauga hjelper utvilsamt på saka. Haustferie og mykje hendingar i helga har gjort sitt på oppmøtet, dei er berre seks, og slikt blir det også kortare gymtime av. Etter ein knapp halvtime etter å ha gått gjennom heile kroppen og ikkje minst tøygd ut (kven vil vel ha stive musklar dagen etterpå?) er det på tide med Feldenkrais. Beate Flattum Rud (77) leier øvingane. Feldenkrais har som mål å forbetre fysisk funksjon og å utvikle personens bevisstgjering om eige bevegelsesmønster.

I takt med tida

Husmorgymmen vart organisert av Husmorlaget, og held på i 45 år – fram til 1992. Gymmen var også ein av dei siste aktivitetane Husmorlaget hadde, før dei sjølv avvikla foreininga. Husmora vart sakte, men sikkert bytta ut med kvinna som i alt vart meir sjølvstendig. På det her tidspunktet hadde også fleire av kvinnene vaksne barn, og kunne forlate heimen med god samvittigheit til fordel for ein ordentleg jobb. Bjella fekk først i 40-åra jobb på meieri, der ho var fram til ho pensjonerte seg. Gymtimane varte i 45 minutt, ein skuletime. Her gjekk dei gjennom kvart enkelt muskelgruppe frå topp til tå. Kvar kvinne kom, gymnastiserte, og for heim igjen. Det var ikkje særleg med miljø slik ein skulle tru, både ifølgje Bjella og Tveito.

– Me hadde ikkje tid, med ungar og hus og mann. Det var rett inn og rett ut, det var ikkje her du vart kjend med nokon om du var ny.

Husmorgymmen gav seg på topp. 32 stod på golvet den siste timen i oktober 1992. Bjella har alle bøkene framleis. Med register over kven som kom til dei ulike tidene, og ikkje minst betalingsregistrering. 70 kroner i året. Litt for å dekke ein ubetydeleg sum for instruktør, litt for husvære. Bjella, som sat i laget, fortel at det var viktig å ha eit tilbod for husmødrene. Men det var ikkje berre gymmen – det viktigaste arbeidet dei utførte, var å få på plass ein godkjend barnehage, og ikkje minst kjempe for skattar og trygder for heimearbeidande.

Men i motsetning til dei siste åra, kor gym er synonymt med slanking og jakta på draumefiguren, var det ikkje slik den gongen.

– Nei, slanking var det ikkje nokon som gjorde då. Me ville berre halde oss i form, rett og slett, seier Bjella.

Utviklinga i trimbransjen har ikkje gått dei hus forbi. Frå enkle, individuelle øvingar for kvar enkelt muskelgruppe i heile kroppen ein gymtime i veka, til alle moglege tilbod i alle fasongar.

– Det er nok eit større behov for det i dag, enn på vår tid. Då hadde alle manuelle jobbar, og var i aktivitet på arbeid. No sit mange dagen lang på ein kontorstol og brukar ikkje musklane sine, og treng dei ulike trimtilboda som er komne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstreme sportsgreiner som pressar ein til det maksimale, har dei ikkje tru på. Og kva slankinga angår?

– Det er berre å ete mindre, det måtte me også!