Høgskule i Hallingdal

Det er særs viktig å få realisert høgskuletilbod i Hallingdal.

Ungdom kan då sleppe å reise ut for å skaffe seg utdanning, og slik redusere faren for at ungdomen buset seg andre stader.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg får me tilførd ungdom utanfrå, som kan vere med å styrke ungdomsmiljøet i regionen for ei aldersgruppe som i dag er svekt så vel talmessig som i kompetanse og interessefelt.

Næringsliv og gründermiljø ville nyte godt av eit slikt utviklingsmiljø som ein høgskuleaktivitet kunne gi regionen. Arbeidsplassar direkte relatert til skulen er positivt, men enda viktigare er arbeidsplassar og kompetanse som kunne bli tilførd regionen av dei som slår seg ned her etter utdanninga.

Hemsedal er i gang med å legge den fyrste spire til høgskuleutdanning. Dette bør òg vere eit regionalt ansvar, der alle kommunane støttar opp om tiltaket. Om det er slik Hallingdølen skriv, at dette til slutt kan stå om tilskot på 400.000 kr frå Hemsedal, bør alle kommunane på banen og dekke til dømes halvparten. Det blir 50.000 kr på Hol, Ål, Gol og Nes/Flå.

Ei investering som kan gi mykje meir attende, men i alle fall vil gi desse kommunane sine ungdomar eit lokalt utdanningstilbod.

For Hemsedal er kanskje ikkje tilskotet på 200.000 kr det viktigaste. Signaleffekten som ei slik støtte ville gi hos andre interessentar og i arbeidet med statlege tilskot, er nok langt viktigare for Hemsedal.