– Eg har ein perfeksjonist i meg, som kan resultere i katastrofetankar og frykt for å bli avslørt som ein elendig skodespelar. Men det eg øver på å ikkje la slikt ta overhand, for det er jo ikkje akkurat til hjelp på scena, seier Kjersti Dalseide.
– Eg har ein perfeksjonist i meg, som kan resultere i katastrofetankar og frykt for å bli avslørt som ein elendig skodespelar. Men det eg øver på å ikkje la slikt ta overhand, for det er jo ikkje akkurat til hjelp på scena, seier Kjersti Dalseide.

Ho har passert nålauge etter nålauge

Kveld etter kveld står ei i utgangspunktet beskjeden jente frå Øvre-Ål på ei av landets største scener.

Kjersti Dalseide har passert nålauge etter nålauge, og er no blant Det Norske Teatrets fast tilsette skodespelarar. Men ho vil heller ha skispor enn kunstbobler.

‒ Som liten såg eg ein annonse i Aftenposten for opptaksprøver til musikalen «Annie». Eg misunnte dei ungane som kunne gå dit, og har alltid hatt ein hemmeleg skode- spelardraum for meg sjølv. Men eg tenkte nok at det ikkje kunne gå an når ein kjem frå ein så liten plass, seier Dalseide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jenta frå Hallingdal vart aldri nokon «Annie», men har i staden gitt andlet til både «Julie Capulet», barnebokfiguren «Tonje Glimmerdal» og Henrik Ibsens «Solveig». For det viste seg at den spede teaterdraumen faktisk var mogeleg å leve ut.

KJERSTI OG DEI TO brørne voks opp i ein kultur- og naturglad familie, med gommo og goffa rett i nærleiken. Dei leika mykje ute på jorda, og dottera i huset var ein ivrig handballspelar. Men etter å ha sett dramaserien «Rød snø» på NRK, var det Kjersti Holmen som vart det fyrste store idolet. Den unge Dalseide tok til med barneteater og song, og kom etter kvart inn i eit levande miljø ved Ål kulturhus. Ho fekk prøve seg i scenelyset, og møtte eldsjeler som skulle bety mykje vidare.

‒ Eg hugsar særskild godt nyttårskonserten 2000. Eg song noko frå «Les Misérables», og var så enormt stolt over å få vere med. Det var så proft!

– Eg har så mange gode minne om både folk, natur og kulturopplevingar i barndomen. Røtene mine er på Ål, seier Kjersti Dalseide.
– Eg har så mange gode minne om både folk, natur og kulturopplevingar i barndomen. Røtene mine er på Ål, seier Kjersti Dalseide.
Gjennom opptaksprøvene til Teaterhøgskolen støtta Kjersti Dalseide seg til Stein Torleif Bjellas musikk. Seinare song ho sjølv låtane i braksuksessen «Kan nokon gripe inn».
Gjennom opptaksprøvene til Teaterhøgskolen støtta Kjersti Dalseide seg til Stein Torleif Bjellas musikk. Seinare song ho sjølv låtane i braksuksessen «Kan nokon gripe inn».
? Eg har ein perfeksjonist i meg, som kan resultere i katastrofetankar og frykt for å bli avslørt som ein elendeg skodespelar. Men det eg øver på å ikkje la slikt ta overhand, for det er jo ikkje akkurat til hjelp på scena, seier Kjersti Dalseide.
? Eg har ein perfeksjonist i meg, som kan resultere i katastrofetankar og frykt for å bli avslørt som ein elendeg skodespelar. Men det eg øver på å ikkje la slikt ta overhand, for det er jo ikkje akkurat til hjelp på scena, seier Kjersti Dalseide.

31-åringen fortel med lysande auge. ‒ Men eigentleg var eg jo ganske beskjeden, og sjølv eg vart overraska over at eg treivst så godt på scena.

HO SÅG FOR SEG at det var journalist eller songlærar ho skulle bli. Men etter tre år på dramalinja på Gol vidaregåande skule, prøvde ho seg likevel på Teaterhøgskolen i Oslo. Konkurransen om ein plass ved landets mest prestisjefulle skodespelarutdanning var hard, men ho kom til andre prøve.

‒ Eg søkte to gonger til før eg bestemte meg for å ikkje kaste bort meir tid på teater. Eg tok ein bachelor i musikk i Volda, og jobba eit halvår på Ål. Men så måtte eg gje skodespelaren i meg ein siste ordentleg sjanse – før eg vart hundegamal, seier Dalseide.

Ho flytta til hovudstaden, og studerte teater ved Norsk Institutt for Scene og Studio (NISS). I 2012 gjorde ho eit femte og siste forsøk på Teaterhøgskolen.

‒ Prøvetida strekte seg over seks månader. I siste runde stengde eg meg inne med Hellbillies og Stein Torleif Bjella på øyra. Det kjendest trygt, og minte meg liksom på kven eg er og kor eg kjem ifrå. For fyrste gong stolte eg på meg sjølv under prøvene, og eg hugsar eg tenkte: Om dei ikkje ville ha meg no, kan det like godt vere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dalseide smiler breitt. Om det var Bjella og Hellbillies si forteneste, kan kanskje diskuterast. Men juryen sa ja, og ho vart éin av åtte spesielt utvalde som slapp til på den segnomspunne Teaterhøgskolen.

‒ Det var den lukkelegaste dagen i mitt liv, seier ho.

SOLVEIG, JULIE OG TONJE. Ho får snakke om det ho brenn mest for, lener seg over bordet og gestikulerer ivrig.

‒ Kvar førestilling skal vere like viktig som premieren. Publikum har ikkje sett stykket før, og min innsats skal vere på topp. Slik må det vere, elles er ikkje jobben interessant for meg heller, seier Dalseide ivrig.

Ho fyller rommet langt meir enn den vevre kroppen og den milde framtoningen skulle tilseie. Etter teaterhøgskolen bar det rett til Det Norske Teatret, der har ho sidan 2016 vore i den faste staben. Det er ein luksus ho deler med få unge skodespelarar. Men arbeidskvardagen er likevel alt anna enn glamour og raude løparar.

‒ Åtte veker før premiere startar me prøvene, vanlegvis frå klokka 11–16 kvar dag. Om kveldane har ein ofte andre førestillingar på scena, så det er som regel to-tre roller i hovudet på éin gong.

Ved den nynorske scena debuterte ho som rusa ungjente i stykket «Fulle folk», før tittelroller i både «Romeo og Julie», «Tonje Glimmerdal» og «Kasimir og Karoline». Sommarferien nytta ho som «Solveig» i Peer Gynt-spelet på Gålå. Men trass periodar med høg intensitet, er det ingen fare for at Dalseide plutseleg dreg med seg Shakespears lyriske replikkar inn i ei barneforestilling.

‒ Ein går inn i heilt ulike univers. Men det kan vere krevjande å omstille seg, iallfall om rollene er tunge. Det krev meir energi, rett og slett. Det er ikkje slik at eg går rundt og trur eg er Julie Capulet, men ein går jo inn og ut av sine eigne kjensler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har ingen lykkeamulett. Ho praktiserer heller ingen faste ritual backstage før teppet går opp. Rutinar er noko ho bevisst unngår.

‒ Om eg merkar at noko går på autopilot, prøver eg å endre på vanane og lage meg nye oppgåver. Det kan vere så enkelt som å pusse tenner i eit anna rom, så lenge det heldt fokuset oppe, seier Dalseide.

SISTE ÅRET HAR #Me too-kampanjen og debatten om seksuell trakassering prega både nyheitsbilete og arbeidsplassar. Det var skodespelarar som laga dei fyrste ringane i vatnet, både internasjonalt og her i Norge.

‒ Det handlar om å få bukt med usunne maktstrukturar på ein arbeidsplass, og om å få til haldningsendringar i samfunnet generelt. I min bransje kan det som frilansar vere spesielt vanskeleg å seie ifrå om ting fordi ein fryktar for jobben. Ein har kanskje kunna sagt frå før også, men det må kommuniserast betre, meiner Dalseide.

Ved Det Norske Teatret har #MeToo fått stor merksemd. Dalseide meiner institusjonen tek dette på djupaste alvor.

‒ Me har teke samtaler me aldri har tatt før. Det har vore veldig sunt. Det har også vore ein vekkar for meg, sjølv om eg personleg ikkje har opplevd noko. Når eg ser attende på historier andre har fortalt meg, tenkjer eg no at «Oi, det der var ikkje greitt.»

FORESTILLINGA «Kan nokon gripe inn» er ein av Det Norske Teatret sine største suksessar, og har utgangspunkt i songane til Stein Torleif Bjella. «Med en baby i vogna og en i magen har hun forestillingens skarpeste skikkelse og sterkeste stemme» meinte Vårt Land om Dalseide sin rolleprestasjon.

Sambygdingen Bjella uttala at ho er ein av dei flottaste vokalistane han kjenner. Titusenar såg forestillinga i hovudstaden, før Dalseide og resten av troppen turnerte landet rundt med Riksteatret.

Artikkelen held fram under annonsen.

‒ Ein av lærarane på Teaterhøgskolen sa til oss at me skulle leve i kunsten si teneste resten av livet. Men eg har alltid hatt behov for å ta pausar og møte folk som ikkje driv med scenekunst. Det er jo livet sjølv. Eg har den beste jobben eg kunne hatt, men å leve i kunstbobla heile tida er ikkje nok, seier ho.

Når sceneteppet er att, trekker ho seg tilbake til leilegheita midt på urbane Tøyen.

‒ Foreldra mine har alltid eit prosjekt på gang. Heime ligg ein ikkje på sofaen. No prøver eg å lære meg at det faktisk er greitt å ta det litt med ro. Om eg jobbar på kvelden, kan eg godt ta det kuli på dagen, seier ho.

Då vert det tid til å treffe folk, lese bøker eller nytte skiløypene i Nordmarka. Heilt frivillig.

‒ I oppveksten vart me truga ut på ski kvar einaste sundag, seier Dalseide, med trykk på kvar einaste.

‒ «Dette blir de så glade for når de vert eldre», sa foreldra mine alltid. Eg kunne ikkje begripe kva som var så fint med utsikt, men eg må jo innrømme at dei hadde rett.

Den kritikarroste skodespelaren står framleis med føtene godt planta på scenegolvet, og røtene fast knytte til Ål.

‒ Før skulle eg ofte ønskje eg hata heimplassen min, så det kunne vere lettare å slå seg til ro ein annan stad. Men no gjer det meg roleg å vite at eg har ei trygg hamn å flykte til. Eg og bestevenninna mi har ein plan B, om alt anna mislukkast. Då skal me flytte til Vats, der me skal drive ei pølsebu. I påska må det iallfall vere god business, ler Dalseide.

Artikkelen held fram under annonsen.

FEM SEKUND PÅ SKJERMEN. 31-åringen har ingen draumerolle, men er meir oppteken av samarbeidet med regissør og skodespelarar.

‒ Det kjekkaste med teater er når heile ensemblet dreg i same retning. Vegen fram til ei førestilling inneheld ofte friksjon og diskusjonar, og det er spennande. Dette er lagarbeid, og ein må lytte til kvarandre.

På sikt har ho lyst til å også bevege seg utanfor scenekanten.

‒ Å jobbe for Radioteatret er kjempegøy. Då har me ingen prøver, men går rett på med alle skodespelarane samla rundt same mikrofon.

Dalseide har også fått ein ultrakort start på TV-karrieren.

‒ Før Teaterhøgskolen hadde eg ei statistrolle i TV-serien «Mammon». Der spelte eg politi og hadde éin kort replikk. Du ser meg i kanskje fem sekund, men det er likevel nokon som har registrert det i filmdatabasen IMDB på nett. Så i etterkant har eg faktisk fått spørsmål om kva den rolla der var, ler skodespelaren.

Til hausten er ho aktuell i førestillinga «Tusen takk teater». Kva rolla i det nyskrive stykkjet inneber, veit ho enno ikkje heilt.

‒ Eg tek eitt år av gongen, så får me sjå, seier Kjersti Dalseide.

Artikkelen held fram under annonsen.

‒ Også har eg jo alltids fluktruta mi og tanken på ei pølsebu i Vats.