HFK: Tapte for serieleiaren

HFK hadde håp om tre poeng på heimebane, men serieleiar Åssiden baud på tøff motstand.

Fredag møttest dei to laga på Hallingmo. Åssiden hadde føringa i fyrste omgang, og tok leiinga kring ein halvtime ut i kampen. HFK hadde eit par sjansar, men fekk ikkje utteljing. Laga gjekk til pause på 1-0 til gjestane. I andre omgang kom HFK meir tilbake. Då var det meir jamnspelt, og heimelaget kunne ha utlikna. I staden var det Åssiden som scora, og auka leiinga. HFK kom ikkje tilbake, og kampen enda med siger til gjestane. HFK ligg no på sjuandeplas på tabellen, med 27 poeng. Dei har to kampar att av sesongen, borte mot Stoppen og heime mot Modum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal FK- Åssiden: 0-2 (0-1)