HFK skåra to mål på to minutt og snudde kampen.
HFK skåra to mål på to minutt og snudde kampen.

HFK snudde kampen og vann 3 - 1

Serieleiar Hallingdal FK vann 3 - 1 over Kongsberg på heimebane.

Hallingdal FK låg under 0 - 1 i toppoppgjeret mot Kongsberg på Hallingmo lenge, men i løpet av to minutt snudde alt. 

Gjestene skåra før det var gått ti minutt. Det var nesten første gong dei kom gjennom. HFK er serieleiar og hadde mykje av spelet den første halvtimen, mens Kongsberg låg som nummer to før denne kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter vel halvtimen spelt rulla ballen inn i mål for andre gong, men det vart blåse av for offside. Stillinga var framleis 0 - 1 ved pause.

- Me skal ta dei. Me har ein sterk benk, sa trenar Jan Erik "Jansen" Thorberg før andre omgang.

HFK fekk sin første corner ti minutt inn i andre omgang, men utan resultat. HFK fekk ein ny stor sjanse i det 65. minutt, men ballen vil ikkje inn. Heimelaget pressar på i 70 minutt utan å få utteljing, men i det 76. minutt skårar Steffen Haugstad. Like etterpå legg Alfred Scriven på til 2 - 1. Etter dette gjekk det berre ein veg.

HFKs Simen Renslo skårar til slutt på straffe HFK vinn kampen 3 - 1, ein fortent siger slik kampen utvikla seg.