Hell i uhell

Det var hell i uhell at det ikkje gjekk verre då Hallingskeid stasjon på Bergensbanen brann ned i fjor. Det er havarikommisjonen for transport som skriv dette. Eit togsett, og heile snøoverbygget som stasjonen ligg inne i, vart offer for brannen som det framleis er noko uklart korleis oppsto.

Ingen personar kom til skade i brannen. Dermed skulle ein tru at alt var såre vel. Det meiner ikkje Statens havarikommisjon for transport. Kommisjonen har kome til at det var tilfeldigheiter som avgjorde at det heile enda godt for togpersonell og passasjerar. Kommisjonen konkluderer også med at dette er for dårleg når ein skal drifte eit anlegg for offentleg transport.

Artikkelen held fram under annonsen.

I moderne tryggleiksarbeid er det ikkje tilfeldigheitene som skal råde. Arbeidet med tryggleiken skal vera planlagt og styrt slik at ein hindrar ulykker. Fleire barrierer må brytast. Og dersom det fyrst skjer ei ulykke, skal beredskapen vera planlagt på ein slik måte at den held mål.

Mykje av Bergensbanen ligg utilgjengeleg plassert. Fleire mil ligg på høgfjellet. Det krev difor god planlegging og tilrettelegging av ressursar for å setje i verk bergingsaksjonar i dette området.

Det gjer ikkje saka mindre komplisert at snøoverbygga på banen ikkje er definert som tunnelar og heller ikkje som særskilde brannobjekt. Det siste er egna til å forbause. Me snakkar om kilometervis med overbygg i tunge trematerialar.

Havarikommisjonen tilrår no at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap tek tak i og koordinerer innsatsen mellom dei involverte, slik at tryggleiken på Bergensbanen blir betre. Det er eit fornuftig initiativ. Dei reisande har, som kommisjonen er inne på, truleg forventa at beredskapen er betre enn den synte seg å vera under brannen ved Hallingskeid stasjon.