Lokale sider. Best at Båstø ikkje består
Lokale sider. Best at Båstø ikkje består

Heider til Hallingdølen for god design

Hallingdølen henta heim fem prisar i den skandinaviske avisdesignkonkurransen i København denne veka.

Onsdag vart prisane i den skandinaviske avisdesignkonkurransen til «Society for news design scandinavia» (SNDS) delt ut.

I juli vart det klart at Hallingdølen fekk utmerkingar, men fyrst no i København vart det kjend kva valør det var. Totalt vart det fem prisar, fire bronsemedaljar og ein sølv. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sølvmedaljen gjekk til saka «Best om Båstø ikkje består», i kategorien for «lokale sider».

Hallingdølen fekk bronse for følgande saker:

* Visuell kommunikasjon: Hallinger i den amerikanske borgarkrigen. (Magasin)

Lokale sider. Mirakelkvinna
Lokale sider. Mirakelkvinna
Feature. Til verda i stova
Feature. Til verda i stova
Visuell kommunikasjon. Hallinger i den amerikanske borgarkrigen.
Visuell kommunikasjon. Hallinger i den amerikanske borgarkrigen.
Embrik Luksengard.
Embrik Luksengard.

* Feature: Til verda i stova

* Lokale sider: Mirakelkvinna 

Pris for heile avisa

I tillegg fekk Hallingdølen bronse i klassen for «Over all design». 

Der var dei i selskap med storavisene Politiken (Danmark), Helsinki Sanomat, Aamulehti (begge Finland) og VG, som vart årets avis.

– Det er ekstra moro med bronse for «over all design». Der har dei sett og vurdert heile avisa. Denne prisen heng høgt. Elles er det tøff konkurranse i alle klassar, og fem prisar er veldig kjekt, seier redaktør, Embrik Luksengard.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle tilsette i avisa jobbar veldig bra, både journalistar/fotografar, redigererar på desk og grafikarar. Det er moro å sjå at me har så mange flinke folk, og at det er eit så godt samspel, legg han til.   

Godt lagarbeid

Mediegrafikar Jarle Stanes meiner Hallingdølen vinn slike prisar fordi avisa over tid har hatt fokus på god layout og å nytte kvarandres fagkunnskap. 

– Me har folk som får lov å vere kreative og utfalde seg i avisa. Det gjeld oss grafikarane, men like mykje journalistar, fotografar og desken. Det er bra jobba av mange, meiner han.

Han trur avisa tener på å ha ei grafisk avdeling som får lov å utfalde seg. 

– Det er flott at Hallingdølen gir rom for å gjere slike ting. Mange plassar har dei skore den grafiske avdelinga heilt inn til beinet, seier han.

– Me i Hallingdølen har ein kompetanse som mange aviser elles manglar. Desse prisane er viktige for å synleggjere at me er ei yrkesgruppe som framleis har noko å slå i bordet med.