Johan Müller startar på F600.
Johan Müller startar på F600.

Har spannet fullt av unghundar

Med manglande chip på ein hund, vart det litt stressande for hundekøyraren frå Hemsedal.

– Eg fekk telefon frå veterinærane på Gol om eg mangla ein chip. Dei hadde funnet ein på golvet etter at eg hadde vore der med unghundane tysdag, fortel hundekøyrar Johan Müller rett før løpet starta på Røros. Til alt hell hadde han ein ekstra chip i bilen. Men han måtte til og med rote litt i søpla for å finne gamle chipnummer. Det mp vera rett chip til rett hund. Heldigvis gjekk det bra.

Müller, som til dagleg skyssar turistar, køyrde Femundløpet i 2012 og 2013. No har han eit heilt nytt spann. Med nær sagt berre unghundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har sju hundar på to og eit halvt, og tre på to år, fortel han. Med seg som handler har han erfarne Alf Stokke.

– Eg fortel Johan alt han ikkje skal gjere, smiler Stokke lurt ein halvtime før start

– Eg kan ikkje ruta eingong, smiler Müller og kler trøyer på hundane. Det er så dei skal sleppe gnagsår av selen. Så brakar det laus i hovudgata oppover mot Røros-kyrkja.

Johan Müller startar på F600.
Johan Müller startar på F600.