Pellets blir produsert i nabolaget til Sundre. (Arkivfoto)
Pellets blir produsert i nabolaget til Sundre. (Arkivfoto)

Håpet brenn for pellets

Valet av framtidig energikjelde for skuleområdet i Ål sentrum er ikkje avgjort.

Då kommunestyret fekk saka torsdag, sende dei saka tilbake til administrasjonen, med krav om ei breiare utgreiing.

Eit brev frå Hallingdal skogeigarforeining overbeviste dei folkevalde om at det var viktige moment i saka som ikkje var undersøkt grundig nok.