Handball: Siger til NÅG Hallingdal

Handball damer 5. Div

Lier- 2 NÅG Hallingdal 2: 20–24 (12–11)

Mål for NÅG Hallingdal 2: Martine Hovden Engene 8, Cathrine Lien Nordhagen 5, Mia Mikkelsplass Green 5, Elin Mikkelsplass 2, Marte Husum 2, Hanne Gjestemoen 1, Ingrid Hagen Engen 1.

Artikkelen held fram under annonsen.

NÅG Hallingdals andrelag reiste sundag 27. januar nedover og møtte Lier 2 i sin fyrste seriekamp sidan november. Det var lenge sidan førre kamp og jentene var veldig klare for ny kamp og gira på seier. NÅG Hallingdal fekk ein god start og spelte jamt med Lier. Laga følgde kvarandre heile fyrste omgangen, og gjekk til pause på 12 – 11 til Lier. Etter ein litt treig start på andre omgang og leia plutseleg Lier 15 – 11. Men jentene frå Hallingdal skulle på ingen måte gi seg. Ei kjapp vending i kampen og på tre minutt var jentene tilbake i kampen 14 – 15. Laga kriga for kvart einaste mål, men i ein god periode midtvegs i omgangen gjekk NÅG Hallingdal frå 16 – 18 til 20 – 18. Denne leiinga skulle dei ikkje gi frå seg og kampen enda 24 – 20 til Hallingdal. Ein kjempesterk siger av hallingdalslaget og denne gongen vart banens beste Erica Gullingsrud som hadde sesongbeste i mål for Hallingdal. Ho redda halvparten av alle skot og fem av fem straffar.