Hemsedal kommune.
Hemsedal kommune.

Halvparten er negativ til eigedomsskatt

Nær 50 prosent av 441 spurte er ikkje villig til å betale eigedomsskatt på bustad eller fritidsbustad i Hemsedal for å få betre opplevingstilbod og infrastruktur.

Det kjem fram i spørjeundersøkinga «Kva no Hemsedal». 19–28 prosent av dei spurte er villige til å betale skatt for bustad (19) eller fritidsbustad (28) for betre tilbod.

Undersøking gjennomførte kommunen og Hemsedal turisttrafikklag i sommar. Resultatet vart presentert no i desember og viser at det på ei rekkje område er få forskjellar på lokalbefolkninga og fritidshemsedølene. Hemsedøler har meir tru på badeanlegg og fleirbrukshall enn hyttefolket, som i større grad trur på utvikling av ski- og fjellopplevingar.