Gratulerer HFK!

Fire kampar før sesongslutt er det alt avgjort. HFK damer rykker opp i andredivisjon etter å ha slått Teie 6–2 på heimebanen på Hallingmo. Ein aldri så liten sensasjon er eit faktum.

Slik sesongen har utvikla seg, er det likevel ikkje overraskande. For HFK-damene har imponert gjennom heile sesongen. Sjølv om målet var å greie halde seg i 3. divisjon, såg me raskt at det budde meir i dette laget. Det såg me også i helga då Teie vart parkert. Då laga møttest i vår, var Teie sterke og sikra seg eitt poeng. Sundag hadde HFK full kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laget kan sjå tilbake på ein fantastisk sesong. Det er berre Hønefoss som har vore for tøff. HFK er sikra andreplass og andredivisjonsspel frå neste år.

Kva har eigentleg skjedd? Fyrst og fremst handlar det om ei utruleg sterk lagånd. HFK har spelarar som kjenner kvarandre godt og er sterke kollektivt. I tillegg har laget dei nøkkelspelarane som trengst, ikkje minst toppskårar Sunneiv Syversrud, lagkaptein Camilla Livgård Jensen og spelande assistenttrenar Ingvild Kvåle Myksvoll. Og ein god trenar i Henrik Thorset.

Å rykke opp til 2. divisjon – nivå tre i norsk damefotball – er ein milepæl. Me trur det vil inspirere jentefotballen i Hallingdal. Laget har også jobba bevisst for å heve jentefotballen, blant anna ved at spelarane har vore rundt i klubbane i Hallingdal og motivert unge jenter til å satse på fotball. HFK-damene har vore gode ambassadørar, derfor er det ekstra moro at dei no lykkast og er klar for andredivisjon.

Resultatet er også ei fjør i hatten for HFK-klubben. Tidlegare har herrelaget teke mest merksemd ved å klatre til tredjedivisjon, sjølv om dei slit denne sesongen. Og juniorane har hevda seg godt i Norway Cup to år på rad. Når damelaget no tek steget opp i andredivisjon, er det med å fylle ut biletet av ein fotballklubb som gjer mykje rett.

Det har vore ei bevisst breiddesatsing på aldersbestemte lag, kombinert med eit toppidrettstilbod gjennom Gol vidaregåande skule for dei som ønskjer å satse. Dei får trene i skuletida. Samtidig har klubben inngått avtalar med andre klubbar som gjer at nøkkelspelarar kan trene med andre, men spele for HFK.

Skal ein lykkast, må ein tenke både breidde og spissing. Der har HFK greidd. Jenter som ikkje er på A-lagsnivå får tilbod om å spele på juniorlag, og no er det planar om eit damelag lenger ned i divisjonane. Med opprykket til andredivisjon er det mange unge jenter som blir tent og forstår at det går an å hevde seg på fotballbanen også i Hallingdal.

Dette er moro. Gratulerer til damelaget og gratulerer til HFK!