Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) avviser førespurnaden dei folkevalde har fått frå Vigrid.
Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) avviser førespurnaden dei folkevalde har fått frå Vigrid.

Gol-nei til Vigrid

I likskap med mange kommunar i Norge har no også kommunestyrerepresentantane i Gol fått ein førespurnad frå den nynazistiske organisasjonen Vigrid.

Torsdag i førre veke fekk politikarane i Flå førespurnaden om samarbeid, men ordførar Tor Egil Buøen (Bygdelista) avviste den kontant. Det gjer også kollegaen i Gol, Heidi Granli (Ap).

- Det er ikkje aktuelt med eit samarbeid. Organisasjonens verdisyn er ikkje i samsvar med det verdisyn kommunen og demokratiet i Gol etterlever, seier Granli.