Godkjente plan mot radikalisering

Nes kommunestyre har vedteke ein handlingsplan mot radikalisering og ekstremisme. Planen skal distribuerast til relevante aktørar i kommunen. Målgruppa er tilsette i skule, barnevern, helse, kultur, politi med fleire. Planen skal vere ein enkel rettleiar med fakta og tips om emnet ekstremisme hjå unge menneske.