Gledesbodskap til Hallingdal

Så har ministeren sagt sitt i denne omgangen. Uansett kvar det skal satsast på veg mellom aust og vest, så skal den gå i dalføret vårt. Og uansett skal det satsast på veg frå Hønefoss til Gol.

Det er gode nyheiter for oss! No kan me setja oss ned saman med styresmaktene og teikna det nye vegkartet for søre delen av dalføret. Generasjonane etter oss kan då lese i historiebøkene om Kjerringvika og Beiakleiva og undre seg over at det i det heile gjekk an å kome seg fram med bilar der før i tida. Dette må me få til!

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare frå Gol og i retning Voss har ministeren gitt Vegvesenet eitt år til å rekna og teikna på ulike løysingar over fjellet, anten det vert Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet. Begge løysingane har sine føremoner og sine ulemper.

Vegane våre har tre oppgåver. For det fyrste skal dei vera lokale vegar for oss som skal på jobb, på skule og på butikken. Her trengst kvar minste stubb av alle vegane uansett vegval frå sentrale styresmakter. Deretter skal dei vera vegar som sender tilreisande til reisemåla våre i dalen heile året, både til Geilo, Hemsedal, Gol og kvar det nå måtte vera. Me må jobbe for å ha ein god og vinteropen standard på begge fjellovergangane for denne viktige målgruppa. Det er trass alt den mange av oss lever av her oppe! Me er innbyrdes konkurrentar om dei tilreisande, men me kjem kort veg med å slåst med kvarandre om kva veg som er viktigast. Det er vel ikkje rom for superlange tunnelar over alt i fjellet, men kan hende det kan vera kompromissløysingar det går an å leve me for alle partar.

Til sist er det den oppgåva eg trur statsråden tenkjer mest på, nemleg å vera veg for tungtrafikken som har til oppgåve å dundre gjennom dalen og fram til ein eller stad vestpå. Noko legg nok dette att av pengar og i dalen vår, men den trafikken er mest til plunder og heft for dei fleste av oss. Difor må me samarbeide, både med næringa og med styresmaktene og med kvarandre, for å finne den eine vegen som alt i alt er best for akkurat dette.

Nokon tenkjer kan hende at eg tenkjer litt som Ole Brumm, han som sa ja takk til begge delar, og det har dei litt rett i. Og eg trur, etter å ha høyrd statsråden på pressekonferansen, at det er rom for ei slik optimisme no – dersom me arbeider godt saman det neste året og ikkje brukar opp kreftene med å tyne kvarandre ned. Dette kan me klare!

God jul!