Hedda Berntsen.
Hedda Berntsen.

Frå topp til breidde

Ho er ei av få som kan skilte med medalje i tre ulike idrettsgreiner. Men for Hedda Berntsen er idrettsglede for folk flest det viktigaste.

t ho er eit konkurransemenneske er heva over kvar tvil. Ho elskar å konkurrere.

– Men eg er ein god tapar også, forsikrar Hedda Berntsen. Det er sjølve kappestriden ho elskar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er få forunnt å ta meisterskapsmedalje i tre idrettsgreiner. Fyrst vart ho verdsmeister i telemark i Meiringen i Sveits i 1997, fire år etter vart det VM-bronse i alpint i St. Anton i Austerrike, i 2008 slo ho til med sølv i skicross i X-Games, før ho krona det heile med OL-sølv i skicross i Vancouver i 2010.

Hedda Berntsen har forresten ein tittel til. Ho er verdsmeister i dødsing for kvinner frå 2014. Det betyr at ho kasta seg utfor timeteren i svømmehallen framfor tusenvis av tilskodarar, strekte seg ut som i eit mageplask og tok seg inn att akkurat før kroppen trefte vassflata i voldsom fart. Eigentleg hadde ho meldt seg på to år tidlegare, men ei roken akillessene sette ein stoppar. Å ikkje gjennomføre var sjølvsagt ikkje eit tema.

– Det var noko eg alltid hadde hatt lyst til, men eg avslutta den karrieren der og då.

Hedda Berntsen.
Hedda Berntsen.

GRUNNLAGET FOR SKIUKSESSEN la ho på toppidrettsgymnaset, NTG, på Geilo. Då ho endeleg kom inn. For Hedda fekk ikkje plass då ho søkte seg til Geilo fyrste gongen. Året etter låg ho også tynt an. Ho hadde ikkje noko resultat å syne til, enno. Men då ho nokre år tidlegare hadde sett NTG-elevane trene i Hemsedal, slo ho fast at denne skulen skulle ho gå på. Det var då faren tok ein telefon til Kurt Gaustad og prata henne til ei prøvekøyring.

– Eg sa vel at eg skulle bli verdsmeister, flirer ho. Som Hallingdølen skreiv etter eit FIS-renn på Geilo for nøyaktig 20 år sidan: «Fleire av NTG-elevane på Geilo hevda seg heilt i toppen og skaffa seg gode FIS-punkt. Spesielt er det grunn til å merke seg dei to lovande ungjentene Stina Hofgard Nilsen og Hedda Berntsen.» Rennleiar var Bjarne Li, og ei rik skikarriere seinare hugsar Hedda godt fartstreningane med Bjarne Li i skibakken på Ål om morgonane.

I Hallingdølens arkiv er Hedda Berntsen stadig å treffe på. Etter VM-bronsen 2001 skreiv avisa: «NTG på Geilo har sin del av æra for den overraskande bronsemedaljen i VM til alpin-kometen Hedda Berntsen (24). ... Ho hadde langt frå dei beste forholda, men heldt hovudet kaldt i heksegryta i motsetning til mange av favorittane. Hedda Berntsen er eit skitalent utanom det vanlege ... Rykta fortel at ho har hoppa 120 metersbakke med slalåmski».

- Hehe, hoppa i hoppbakken med slalåmski gjorde syster mi Ingrid og eg i 1996 då ho var elev ved kulekøyrarlina på NTG på Lillehammer. Berre for gøy, men det var ei herleg kjensle av å fly. Seier ho, som har flyskrekk. Bak det tøffe, sterke, suverene ytre er det nokre svake punkt. Ho er redd for å miste kontrollen. Slik som når ein tek fly, eller sit på med andre i bil. Operasjonar, blod og skader er ho heller ikkje spesielt glad i. Og før ho skulle setje utfor bakken i eit heat i skicross, kjende ho alltid på frykta.

– Det bør ein gjera, for det er ein reell risiko. Du kan til dømes bli hoppa på av andre, eller kollidere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange vil rekne alpinbronsen som eit høgdepunkt fordi alpint er den greina med høgast status, men Hedda ser det ikkje slik. For henne har kvar medalje vore like viktig.

– Alle gode resultat er veldig store der og då. Då eg tok VM-gull i telemark som 19-åring, var det ei fantastisk tid. Dei andre på laget var kule, gutane var kjekke og det var som å vera på leirskule. Alpint er noko heilt anna enn telemark, mens skicross har den største risikoen.

At Hemsedal Idrettslag, etter å ha skrapa saman midlar til å tilsette ein dagleg leiar i 50 prosent stilling, skulle ende opp med ein av Norges fremste idrettsutøvarar hadde dei neppe tort å håpe på. Men Hedda Berntsen har alltid sett for seg eit liv i Hemsedal. Og med denne jobben kan ho halde fram i 50 prosent jobb som forskar ved Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett, Fobu, ved Noregs idrettshøgskole. I idrettslaget tok ho til fyrste september, og ho er i ferd med å få oversikt over den store aktiviteten i laget som tel 14 undergrupper og har halve bygda på medlemslista.

I 2014 GAV HO SEG som toppidrettsutøvar. Ikkje fordi ho hadde lyst, men fordi ho prøvde å tenkje smart. Skicross er tøft for kroppen, og ho let seg friste til å ta ein doktorgrad. Men det hadde blitt mange «berre ein sesong til», så dei færraste trudde at ho verkeleg skulle legge opp. Vennene sa dei aldri kunne sjå for seg henne sitjande på eit kontor. Hedda innrømmer at ho saknar livsstilen. Dagar som bestod av å stå på ski, eta ein god lunsj og så trene igjen, i alle dei fantastiske fjellbyane. No har ho kjøpt hus i Hemsedal, skal pusse opp og er etablert som sambuar med den amerikanske collegekjærasten Tyler.

Å flytte hit er det næraste eg kjem å vera på samling, bortsett frå det med jobbinga, flirer Hedda. Er det pudder, er ho på ski. Då får kontorarbeidet vente. Å ha dei tidlegare landslagskollegane og gode venninnene Gro Kvinlog og Julie Brendengen Jensen nærast i same gata er eit stort pluss. For ho finn seg ikkje hundre prosent til rette i A4-livet enno. Ho saknar å jobbe konkret mot eitt stort mål, og meistringskjensla når ein når det målet.

Det ho absolutt ikkje saknar frå karrieren er all reisinga. Og når ho ser medieoppslaga om nok ei dopingsak i norsk skisport, hugsar ho kor paranoid ein kunne bli. Ho føler med Therese Johaug når tårene trillar. Hedda torde ikkje ta så mykje som ei skei proteinpulver eller ei einaste vitaminpille. Ein veit jo aldri. Som toppidrettsutøvar skriv ein under på at ein ber ansvaret sjølv. Men at løparar sit inne i bussen med forstøvarapparata sine, har ho liten sans for.

– Berre med bussane har nordmennene alt ein stor fordel i høve til andre nasjonar. Det er usmakleg. Det har ingenting å gjera med den idrettsgleda Hedda Berntsen brenn så sterkt for å skape.

KORLEIS TA VARE PÅ idrettsgleda, er problemstillinga som fenger Hedda Berntsen mest. Det er ei kjent sak at ungdom lett dett av lasset. Med jamne mellomrom fortel media om foreldre som pressar ungane for hardt. Sjølv har ikkje Hedda hatt foreldre som har pusha henne, og ho har likevel aldri vurdert å slutte med idrett. Mora har vore skiinstruktør og har alltid køyrt på ski, så familien kjøpte hytte i Hemsedal. Faren er noregsmeister i militær femkamp, men vart sjuk og hamna i rullestol. Den to år yngre systera har vore på landslaget i kulekøyring, mens den to år eldre broren på ingen måte er biten av idrettsbasillen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han ville heller ha meg med på afterski, men der var eg kjedeleg, humrar Hedda.

Trass i stor treningsglede, ho hugsar at det gjekk utover motivasjonen då ho fekk plass på landslaget. Folk ville begynne å styre henne, men eit fint miljø med gode venner gjorde det verdt å halde fram.

– Det viktigaste er ikkje å skape toppidrettsutøvarar, ifølgje Hedda Berntsen: I eit folkehelseperspektiv ønskjer me at folk skal ha så gode tilbod at dei er aktive livet ut. Idrettsglede gir livskvalitet. Hedda meiner at idrettstilbodet rundt i landet i for stor grad handlar om konkurransar. Det skremmer vekk mange. Det krev meir trening, betre resultat og det kostar. I staden er det barna sjølve som skal bestemme kva nivå dei vil legge seg på, meiner Hedda Berntsen, som også har ein mastergrad i pedagogikk. Ho er fornøgd med at ein i Hemsedal har fleire tilbod som er gratis og mindre forpliktande. Ei nyskaping er «mania». Ballmania, dansemania, motorikkmania og skimania, for dei mellom 11 og 15 år, der det ikkje er noko tevling. Idrett skal vera fellesskapskjensle, meistring og glede. Neste store mål er å få til ei idrettsfritidsordning. Hedda Berntsen jobbar med ein overordna sportsplan for Hemsedal, og held kurs for instruktørane i barneidretten, for å sikre gode miljø og at ungane får det dei har rett på.

40 år frå Hurum, bur i Hemsedal. Sambuar.

Dagleg leiar i Hemsedal Idrettslag (50%) og forskar ved Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett, Fobu, ved Norges idrettshøgskole. Tidlegare landslagsutøvar i alpint, skicross og telemark.

Sist lesne bok?

Det går mest i faglitteratur. Eg les gjerne om motivasjon.

Favorittprogram?

Er litt lei TV-en for tida, men det siste eg såg var krimserien «Bedrag».

Favorittmusikk?

Likar litt chill musikk.

Favorittmat?

Eg er glad i mat. I det siste har me hatt dilla på heimelaga pizza, gjerne med serranoskinke og rucola.

Perle i Hallingdal?

Kvittingatn i Hemsedal. Me har hatt hytte rett ved Solheisen sidan eg var 13 år. Eg elskar å gå opp, for så å suse rennene ned. Då er eg i mitt ess.