Kva no? Ola Arnfinn Haraldset (t.v.) og Lars Aasen er blant dei som inviterer til møte om forsamlingslokalets framtid. I dag står bygget til forfall.
Kva no? Ola Arnfinn Haraldset (t.v.) og Lars Aasen er blant dei som inviterer til møte om forsamlingslokalets framtid. I dag står bygget til forfall.

Frå bedehus til lagerbygg

For det er dét det heiter, forsamlingslokalet og bedehuset i Rukkedalen i Nes.

17. januar 1932 vart det innvigd etter stor dugnadsinnsats av innbyggarane i Eidal krets. Og det er innbyggarane her som framleis eig huset. Eller rettare sagt dei innbyggarane som er medlemmer av Den norske kyrkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

No blir dei inviterte til møte om det gamle forsamlingslokalets framtid. For det er liten tvil om at det har sett betre dagar. På utsida gror det til, og inne er det heller vorte lagringsplass. Stolar, bord og sofaer er stuva saman. Ein skiboks ligg like framfor talarstolen der Magnus Landstads salmebok frå 1926 kviler slik den vart forlaten siste gongen det var møte her. Ved sida av ligg Bibelen og ein gradestokk som viser ni grader. Nedbrende gule stearinlys vitnar om at det siste arrangementet her kan ha vore ei påske. Men det er mange år sidan no. Etter 1980 har det vore lite aktivitet. Ingen dei seinare åra. På veggene heng framleis bilete av husets to viktigaste menn: initiativtakaren Peder Sandsbak og Jesus Kristus. Tru kva dei ville sagt om utviklinga?

Mykje aktivitet

– Det beste vil vere at det framleis er aktivitet her. Men det er lite truleg, seier Ola Arnfinn Haraldset.

Saman med Lars Aasen viser han rundt i forsamlingslokalet. Dei minnest begge ei tid med mykje aktivitet, som juletrefestar, basarar og møte med fullt hus.

Kva no? Ola Arnfinn Haraldset (t.v.) og Lars Aasen er blant dei som inviterer til møte om forsamlingslokalets framtid. I dag står bygget til forfall.
Kva no? Ola Arnfinn Haraldset (t.v.) og Lars Aasen er blant dei som inviterer til møte om forsamlingslokalets framtid. I dag står bygget til forfall.
Her har det vorte halde mange religiøse møte med full sal. I dag er det eit lager. Ola Arnfinn Haraldset (t.v.) og Lars Aasen sjekkar den gamle lysekrona. På talarstolen ligg Magnus Landstads salmebok frå 1926.

Her har det vorte halde mange religiøse møte med full sal. I dag er det eit lager. Gule nedbrende lys tyder på at siste møte her vart halde i samband med påska. På talarstolen ligg Magnus Landstads salmebok frå 1926.

Peder Sandsbak var lærar i skulekrinsen. Han gjekk i bresjen for bygginga av forsamlingslokalet.
Peder Sandsbak var lærar i skulekrinsen. Han gjekk i bresjen for bygginga av forsamlingslokalet.
Tuberkulose var ein frykta sjukdom som frå 1895 til 1955 tok 250.000 liv i Norge. Derfor denne åtvaringa på veggen.
Tuberkulose var ein frykta sjukdom som frå 1895 til 1955 tok 250.000 liv i Norge. Derfor denne åtvaringa på veggen.

– Hit kom også predikantar og emissærar. Frå hausten og utover vinteren var det møte, seier Aasen.

Men det er svunnen tid no. Spørsmålet er kva bygdefolket vil med bygget. Møtet torsdag kan avgjere det.

– Siste 15 åra har det vore nesten heilt ubrukt. Viss det blir ståande slik i fleire år, vil det forfalle, seier dei.

Selje eller rive?

Alternativa er fleire: Å la huset stå som i dag, selje og/eller rive huset. Nes menighetsråd er heller ikkje interessert. Her har dei same utfordring med kyrkjelydshuset på stavkyrkjetomta i Gamle Nes. Også det står ubrukt med usikre framtidsutsikter.

– Det er betre å selje huset enn å la det stå slik, seier Haraldset om Eidals krets kristelige Forsamlingshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygginga vart starta i 1931. Peder Sandsbak, som var lærar i skulekrinsen, var ei drivkraft. Truleg kom planane om bygginga av det nye forsamlingslokalet på bordet då pinserørsla kom til Rukkedalen og bygde sitt eige bedehus. I dag er det derfor to bedehus i Rukkedalen. Dei ligg berre 100 meter frå kvarandre.