- Alt stort er ikkje bra, og alt lite er ikkje dårleg, seier Jan Gaute Bjerke.
- Alt stort er ikkje bra, og alt lite er ikkje dårleg, seier Jan Gaute Bjerke. Foto: Torbjørn Gunhildgard

Flytta heim og vart ordførar

I fjor flytta han tilbake til heimbygda som pensjonist etter ni år i Oslo. Om to dagar overtek han ordførarklubba i Nore og Uvdal.

Det var ikkje for å overta makta Jan Gaute Bjerke pakka flyttelasset i Groruddalen. Han hadde nådd særaldersgrensa og ville nyte pensjonisttilværet der han har røtene sine.

Den «heimkomne sonen» har hytte på snaufjellet ved Tunhovdfjorden. Den blir flittig brukt, både før og etter at han flytta heim.

– Eg fann meg godt til rette i Oslo. Men eg er ein fjellmann, og Fjellset er mitt paradis. No har eg kome «heim», seier den påtroppande ordføraren.

Bjerke hadde så vidt børsta støvet av dialekten då han vart spurt om å vera toppkandidat for Arbeiderpartiet. For fire år sidan gjorde Ap sitt dårlegaste val på lang tid, og gjekk tilbake frå åtte til fem i kommunestyret. Partiet trong ein samlande toppkandidat.

Det er ei stor tillitserklæring.

Jan Gaute Bjerke likar utfordringar og trivst i sjefsstolen. Svaret vart ja. Etter to og ein halv periode i kommunestyret, frå slutten av 1980-talet til 2005, visste han kva han gjekk til.

Jan Gaute Bjerke
Jan Gaute Bjerke

– Eg har klare meiningar og lang leiarerfaring på fleire nivå gjennom yrkeslivet. Bygdefolket kjenner meg godt, og eg kjenner bygda. Elles hadde eg ikkje stilt som ordførarkandidat.

Resultatet kjenner me. Ap gjorde eit brakval, kom inn med ni representantar og tok tilbake posisjonen som største partiet i kommunestyret. At Jan Gaute Bjerke har mykje av æra for det, er det liten tvil om. Han toppa suverent lista over personstemmer og slengarar.

– Eg set stor pris på støtta både frå Ap-veljarar og andre. Det er ei stor tillitserklæring, seier han.

Men Bjerke er rask til å dele æra for brakvalet med andre. Seks av ni representantar på Ap-benken er nykomarar.

– Eg visste at lista hadde brei tilslutning. Me har fått ei gruppe med ei fin blanding av erfarne og unge politikarar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valresultatet viste at folk vil ha endringar.

Då forhandlingane starta dagen etter valet, var det ingen tvil om kven som skulle overta ordførarvervet. Valteknisk samarbeid med Høgre avgjorde tidleg i prosessen. Senterpartiet vart parkert på sidelinja. Åtte år med Sp-styre var over.

– De avslo å prate med Senterpartiet som er nest største partigruppa. Kvifor?

– Me prata med Senterpartiet, men ville ikkje forhandle. Valresultatet viste at folk vil ha endringar, seier nyordføraren utan å utdjupe kvifor det vart som det vart.

– Kva for endringar vil innbyggarane merke?

Jan Gaute Bjerke tek ein kort tenkepause før han gjentek bodskapen frå valkampen, blant anna i TV-debatten i Hallingdølen.

– Me må styrke den politiske leiarskapen og få klart fram kommunestyret si rolle som øvste organ i kommunen. Me må få ei tydleg rolleavklaring mellom politisk leiing og administrasjonen.

– Har skiljelinjene vore for utydelege?

– Det trengst strategiske endringar.

– Er det for mange tilsette i kommunen?

– Me må finne ut om det går an å endre organiseringa. Me må få ned kostnaden og bruke ressursane optimalt for å få best mogeleg kvalitet på tenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du er mot kommunesamanslåing?

– Ja. Me må finne gode og framtidsretta løysingar for at Nore og Uvdal skal overleva som eigen kommune. Alt stort er ikkje bra, og alt lite er ikkje dårleg. Det er eit motto eg har på bakgrunn av eigne erfaringar frå tidlegare jobbar.

– Viken og politireformen?

– Viken-regionen er for stor. Men Stortinget har fatta eit vedtak som me må gjera det beste ut av. Etableringa har kome så langt at det er urealistisk å snu. Det er flott at Eli (Hovd Prestegården) kom inn i Viken. Me skal nytte oss av henne og dei andre lokale Viken-representantane som ein forlenga arm.

Same synet har Bjerke på politi- reforma:

– Eg har hatt «skoen på» og sett frå innsida i min tidlegare jobb i brann- og redningstenesta i Akershus og Østfold at det trengst tett samarbeid mellom politi og brannvesen. Me treng politi i nærmiljøet. Avstanden må ikkje bli for stor.

Det er ei grense for kor mykje reinen skal bestemme.

Jan Gaute Bjerke har mange store og viktige oppgåver framfor seg som fremste folkevalde.

– Eg vil vera pådrivar for næringslivet og jobbe for å etablere nye bu- og arbeidsplassar i kommunen. Me må etablere møteplassar mellom ungdom og næringslivet. Det er det heldigvis brei semje om. Me må gi Rødberg eit lyft som kommunesenter, eg er spent på kva Europan kan føre til.

Vinteropen veg over Imingfjell som prøveprosjekt og felles beredskapssenter på Rødberg for nødetatane er lokale saker som er midt i ein prosess. Kva meiner den påtroppande ordføraren?

– Det er eit sterkt ynskje frå begge sidene av fjellet med vinteropen veg over Imingfjell. Det er ei grense for kor mykje reinen skal bestemme. Løpet er ikkje køyrt sjølv om fleirtalet i styringsgruppa for Hardangervidda-planen gjekk i mot. Det vil eg kjempe for så lenge det tenar næringslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Beredskapssenteret?

– Det er eit mål. Eg må setja meg inn i status på prosessen. Det er store fordelar med eit fagmiljø. Når det gjeld beredskap generelt er det mykje å hente, det har eg følt på kroppen gjennom jobben. Lyftet i den nasjonale beredskapen etter 2011 har ikkje fungert, det må me vera ærlege på. Ulykker og terroraksjonar kan skje når som helst og kvar som helst. Det fekk me eit døme på ved Numedal vgs. i vår. Heldigvis var det ikkje alvorleg, og ein politipatrulje var tilfeldigvis i nærleiken.

Eg var på nippet til å satse på ein militær karriere.

Jan Gaute Bjerke er ein sosial og open person med allsidig bakgrunn, stor tillit, leiarerfaring og klare meiningar.

Han voks opp ved Tunhovddammen. Broren, Arve, er tidlegare lensmann i Nore og Uvdal. Etter eitt år som praktikant ved Noreverkene tok han treårig ingeniørutdanning på Kongsberg og befalsutdanning under militærtenesta i Hæren.

– Eg var på nippet til å satse på ein militær karriere då eg fekk ingeniørjobb på Kongsberg. Så vart det etter kvart kraftbransjen og Statkraft i staden, seier han og tek ein slurk av kaffikoppen.

Etter fem år på Kongsberg flytta han til Rødberg og fekk jobb i Noreverkene. Han har hatt diverse leiarstillingar i Statkraft, på alle nivå fram til 2010. Då han vart selskapet sin representant i ein organisasjon for oppbygging av ein vindmøllepark i England, flytta han til Oslo.

Leiarfunksjonar er ikkje ukjende for den påtroppande ordføraren. Han har framleis mange jern i elden og ei eiga evne til å hamne i sjefroller i selskap og styre.

For ni år sidan skifta Jan Gaute Bjerke beite. Han vart leiar i Nedre Romerike Brann- og redningstjeneste IKS, eit interkommunalt selskap for åtte kommunar på Romerike. Han er styreleiar i Øst 110-sentral IKS som består av 38 kommunar i Østfold og Akershus.

– Eg kjenner Viken-regionen gjennom min tidlegare jobb og har eit stort kontaktnett som eg kan dra nytte av, seier han.

Bjerke har ikkje lagt inn yrkesårene sjølv om han på papiret er pensjonist. Han har stifta sitt eige selskap, Bjerke Prosessledelse, der han leverer tenester til brann- og redningstenester over heile landet. Siste jobben var å opprette eit interkommunalt selskap for åtte kommunar på Nordmøre og i Romsdal der han er styreleiar under oppstarten.

– Eg må nok trappe ned aktiviteten i mitt eige selskap når eg blir ordførar, seier han.

– Kva gjer du når du skal lade batteria?

– Eg dreiv med ski og friidrett i ungdommen og likar å halde meg i form. Så då tek eg meg ein sykkeltur, eller ein fjelltur, og går og spring.

63 år, bur ved Tunhovddammen i Øygardsgrend.

Pensjonist, driv Bjerke Prosessledelse som eige firma. Overtek som ordførar (Ap) i Nore og Uvdal.

Flytta tilbake til heimbygda frå Oslo i fjor sommar.

Tre barn, fire barnebarn.

Sist lesne bok?

«Farao» av favorittforfattar Wilbur Smith. Ingen bokorm, men les alle bøkene hans.

Favorittprogram?

Sport, nyheiter og naturprogram, spesielt om storviltjakt.

Favorittmusikk?

God dansemusikk med friske rytmar. Likar å danse, spelar torader og trekkspel.

Favorittmat?

Godt steikt elg- og reinskjøt med det som høyrer til, helst sjølvskote. Likar ikkje sau og fjørkre.

Perle i området?

Tunhovdfjorden der eg voks opp, og Hardangervidda.