Fleire hattar

Ingen over. Ingen ved sida. Hemsedal tronar suverent aleine på toppen. Her driv flest politikarar «butikk». Hemsedal toppar lista over politikarar med private næringsinteresser.

Dette går fram av ei undersøking gjort av bladet Kommunal Rapport. Bladet som er eigd av kommunesektorens hovudorganisasjon KS, har kartlagt eigarinteressene til kommunepolitikarane i alle landets kommunar. Over 2000 kommunepolitikarar eig éin elle fleire aksjar, eller er engasjerte i eit selskap med personleg ansvar. Dette svarar til 20 prosent av landets kommunepolitikarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedølene ligg himmelhøgt over landsgjennomsnittet. 76,5 prosent, eller 13 av 17 kommunestyrerepresentantar har økonomiske interesser i private selskap. Dette er godt over nummer to på kommunelista, Lurøy kommune i Nordland. Her har 63,2 prosent av kommunepolitikarane eigarinteresser i private selskap. På 3. plass fylgjer Solund kommune med 53,3 prosent.

Også Nore og Uvdal og Nes ligg i det øvre sjiktet. Nore og Uvdal endar på ein 12. plass. Nes på 27. plass. I andre enden finn me Ål. Her er berre 12 prosent av kommunepolitikarane registrert som aksjeeigarar. Dette plasserer Ål på 310. plass av landets 427 kommunar.

Kombinasjon kommunepolitikk og næringsinteresser er korkje ulovleg eller uheldig. Tvert om. Kommunestyra treng private næringsdrivande. Både fordi dei skal vere representative for befolkninga, men også fordi ein treng kompetansen. Problemet er heller at kommunestyra har for få politikarar med bakgrunn frå privat sektor. Offentleg tilsette dominerer.

I Hemsedal har 10 kommunestyrerepresentantar interesser i eigedomsrelaterte selskap. For desse kan det vere utfordrande å skilje snørr og bartar. I slike høve kan det også bli reist tvil om kva interesser politikarane set fyrst – eigen økonomi, eller fellesskapets interesser.

Skal ein unngå denne tvilen, er det berre éin utveg. Kommunepolitikarane må vere opne om eigarskap og roller. Også saksgangen må vere open. Dessutan må ein fylgje habilitetsreglane til punkt og prikke. I så måte er det ikkje nok å melde seg inhabil ved avstemminga. Dersom ein har eigeninteresser i ei sak, skal ein heller ikkje delta i saksførebuinga. På dette punktet trengst ei opprydding og ei bevisstgjering. For her blir det synda i mange kommunar. Også i Hemsedal.