Det blir tett i første bakke ut frå Geilo skistadion når det er fellesstart og det er lett å tape tid til dei lenger framme.
Det blir tett i første bakke ut frå Geilo skistadion når det er fellesstart og det er lett å tape tid til dei lenger framme.

Fleire gode plasseringar

Fleire lokale markerte seg under Geilo skifestival i helga.

Blant dei som markerte seg var blant andre Aleksander Fjeld Andersen (Geilo IL). Han vann seniorklassen i cupen.

Kasper Andersson Herland (Hemsedal IL) vart beste i klassen M17. K18 vart vunne av Åsne Skrede (Geilo IL). Filip Fjeld Andersen (Geilo IL) tok tredjeplassen i M19/20.

Artikkelen held fram under annonsen.

I distanserennet fristil 27 km kom Mari Torsteinsrud (Fjellet IL) inn til tredjeplass (K17). Årsklassen over (K18) vart vunne av Åsne Skrede (Geilo IL) mens Mari Lindmo Kvanneberg (Gol IL) tok andreplassen.

Filip Fjeld Andersen (Geilo IL) vann M19/20. (Sjå elles hovudsak).