Feil om hogst

Naturvernforbundet i Buskerud hevdar at dagens skogsdrift er ein trussel mot det biologiske mangfaldet.

Som eit eksempel påstår dei at før i tida var det berre haust- og vinterstid det vart drive hogst, medan det no er heilårsdrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er jo feil. Det var stor aktivitet i skogen sumarstid i «gamle dagar». Sevjehogd tømmer utgjorde ein vesentleg del av det årlege hogstkvantumet. Eg hugsar godt eg var med far min sumarstid i skogen, anten for å blinke eller for å avrekne kubikkmasse etter hoggarane. Det låg då hoggarar i dei fleste skogskoier, og dei dreiv både tynningshogst og sluttavverking. Tømmerhogst sumarstid var enklare og mindre slitsamt enn om vinteren. Særleg barkinga var eit blodslit vinterstid.

Den største utfordringa i dag er at det er for lite aktivitet i skogane. I høve til for 30–40 år sidan har både planting, ungskogpleie og avverking gått ned. Her i Flå er t.d. dagens hogstkvantum berre halvparten av kva det var på 1980-talet. Og resultatet ser ein på landsbasis: Ståande kubikkmasse er på eit historisk rekordnivå, og årleg hogstkvantum er under halvparten av årleg tilvekst. Så eventuelt tap av biologisk mangfald skuldast iallfall ikkje mangel på skog.

Dersom det er slik at det biologiske mangfaldet var mykje større før i tida, burde me vel tilstrebe ein arealbruk meir lik den dei praktiserte før. Og det var ein mykje meir intensiv bruk av marka med harde uthogster, dimensjonshogst, sterk beiting og uttak av virke til ved og brensel. Men det vil paradoksalt nok ikkje dei miljøa som skrik høgast om tap av biologisk mangfald. Der i garden er oppskrifta meir restriksjonar og minst mogeleg bruk.