«Feil om bruk av salt»

Hans Jan Håkonsen talar så vakkert om «null visjon av drepne og skadde», om kor opptekne dei i Statens Vegvesen er av «å bruke mindre salt», om «forskning» og «kompetansebygging».

Flotte talemåtar, men dei greier ikkje å dekka over at dette ser ut som rein bløff, – eller at avdelingsdirektøren ikkje kan ha vore ute på vegane og opplevd saltings-praksisen, – ei heller med sjølvsyn har opplevd det skrale resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein treng ikkje ha forska lenge før ein forstår at når Statens vegvesen køyrer ut saltbilane sine i PÅVENTE av snøfall, UNDER snøfallet, og ETTER at snøen har kome, er det berre til ulempe, – og heilt bortkasta.

Når det så attpå blir salta etter at mesteparten av snøen er feia bort (korrekt salting) for å oppnå berrmark, – går det ikkje an å tru på Statens vegvesen når dei seier seg å vera «like opptatt – som andre trafikanter – av å bruke minst mulig salt». – Då er det ikkje berre flotte talemåtar. Det er ei frekk skrøne.