Eit eple om dagen ...

DU BLIR DET du puttar i munnen, heiter det. Men neimen om det er godt å vite kva ein skal ha i seg. Det er mange råd å få, og alle er nødvendigvis ikkje like gode.

I GAMLE DAGAR lærte eg at ein skulle vere forsiktig med å ete banan, sidan ein vart tjukk av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag, derimot, har forskarane funne ut at ein kan trygt ete så mange ein vil. Utan at ein treng å gå bananas, vel å merke ...

SÅ VASR DET EGG. Ei stund heitte det at egg var kolesteroldrivande og farleg. Men det er dei ikkje lenger. No kan du ete egg utan å frykte konsekvensane. Tvert imot får du betre beinbygning, hår og negler om du et eit egg om dagen. I tillegg er det godt for både synet, hjartet og hjernen. Og skulle du finne på å ville slanke deg, finst det ein spesiell diett som inneheld 12 egg kvar dag, og som garanterer at du går ned i vekt.

BRUNOSTEN var lenge ein del av vår nasjonaldiett. Men så la plutseleg skular og barnehagar ned forbod mot brunost på nistematen på grunn av høgt sukkerinnhald. Det var til skade både for tannhelsa og vekta.

Men no: Ta inn att brunosten i kosthaldet, seier ekspertane. Den er ikkje meir sukkerhaldig enn andre matvarer, og dessutan tilfører den oss jod, som me har for lite av. Fram og tilbake er like langt. Eg må tilstå at eg har sett bort frå alle slike ekspertråd og har ete brunost når eg har hatt lyst på det.

FLEIRE GONGAR i året brukar Dagbladet heile framsida og to-tre sider inni til å fortelje oss kor sunt det er med raudvin. Å drikke vin dagleg er ein god garanti for eit langt og sunt liv, seier Dagbladet.

Dette er nok musikk i øyra for mange. Men det spørst om dei ikkje får raudvinen i vrangstrupen neste dag, når Aftenposten kan fortelje at langvarig inntak av alkohol kan forårsake minst sju ulike former for kreft.

NEI, EIN FÅR halde seg til vatn. Det er både sunt og godt. Mange drikk vatn og viser det gjerne. Det er trendy å gå med vassflaske. Ein sunn trend, for ein gongs skuld. Men stopp ein halv; ein lege stod forrige veke fram og åtvara. Det er eit forferdeleg mas om å drikke vatn, og det treng slett ikkje vere godt for helsa, sa legen.

«An apple a day keeps doctor Wold away», sa me her i Hallingdølen den tid me hadde dr. Wold som bedriftslege.

Artikkelen held fram under annonsen.

No les eg på nettet at eple er så sunt at ein kan ete både fire og fem om dagen. Men når eg tenkjer på kor mykje gift og sprøytemiddel dei brukar der ute, så har eg mine tvil.

MEN KANSKJE kan ein ikkje berre tenke slik, på sitt eige beste. Kanskje kan andre kan ha nytte av det me gjer, sunt eller ikkje?

Som humoristen Fredrik Stabel seier det:

«Ved å spise et eple hver dag setter De Deres frukthandler i godt humør og bidrar derved til å gagne hans helse ...»