Terje Isungset, Mats Edén og Jonas Simonsson utgjer Groupa, her fotografert ved Krøderen av Knut Bry.
Terje Isungset, Mats Edén og Jonas Simonsson utgjer Groupa, her fotografert ved Krøderen av Knut Bry.

Ei form for folkemusikk

Med «Kind of Folk» er Groupa både innanfor og utanfor folkemusikktradisjonen.

Om det er det svenske eller norske folkemusikklandskapet Groupa har latt seg inspirer mest av skal vere usagt. Gruppas tiande plate «Kind of Folk» famnar litt om begge.

Groupa er Mats Edén (hardingfele), Jonas Simonsson (fløyte) og Terje Isungset (trommer, perkusjon, munnharpe). 13.–15. mars i år var dei innom Tor Magne Hallibakken i Nes. Plata, som kom ut 5. november, er spelt inn hos Hallibakken lydproduksjon i Nes. Det er fotograf Knut Bry som har tatt bileta til albumet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikalsk er det i hovudsak svenske folketonar som ligg i botnen for nytolkingane. Meir og mindre kjende voggeviser, brure- og dansemusikk står sentralt. Polsar og bruremarsjar går igjen, men også ein og annan halling har lurt seg med.

«Liten ko och hallingar» snublar først i veg med Isungset sitt rullande rytmeteater, som på ein holete gardsveg, før Edén, Simonsson og Isungset får felles framdrift.

«Jers Kerstins halling» blir ført fram av perkusjonist Isungset med Simonssons fløytespel på toppen, fritt etter Jers Kerstin Persdotter.

Groupa er ute med sitt tiande album. «Kind of Folk» er spelt inn på Nes. Knut Bry er fotograf.
Groupa er ute med sitt tiande album. «Kind of Folk» er spelt inn på Nes. Knut Bry er fotograf.

Nokre av låtane er også sjølvskrivne. Det gjeld til dømes «Vintersol» og «First steps». Her er det meir lydmåleri enn folkemusikk som er stikkordet. Difor er også tittelen «Kind of Folk – vol. 1 Sweden» ganske dekkjande. I seg ber ho bod om at det også kan kome oppfølgjarar.