Ida Beate Løken frå Førde oppdaga tilfeldigvis eit måleri av seg sjølv på veggen på bensinstasjonen på Bromma.
Ida Beate Løken frå Førde oppdaga tilfeldigvis eit måleri av seg sjølv på veggen på bensinstasjonen på Bromma.

Denne hadde ho aldri sett koma

Ho oppdaga heilt tilfeldig eit digert måleri av seg sjølv på veggen.

Ho og medstudentane i friluftsgruppa Fjellet ved Norges veterinærhøgskule var nyleg på veg tilbake til Oslo frå Hemsedal i buss. Dei skulle stoppe for ein matbit og ein toalettpause på Bromma, og 24-åringen såg då etter ein stad å gå på toalettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plutseleg såg eg at det hang eit bilete av Kinnaklova der, eit fjell i nærleiken av heime. At det var eit bilete av eit Florø-fjell der syntest eg var merkeleg, seier Løken.

Men merkelegare skulle det bli då ho snudde seg. Der hang nemleg noko som ho raskt drog kjensel på: Eit måleri laga etter eit foto av henne sjølv. Biletet var teke i 2014. Då vart ho landskjend for å bu utandørs i ei fjellhole i Aurland. Ho budde i fjellhola i eit år.

Merkeleg

– Eg begynte å le, for det var veldig gøy. Det første eg tenkte var at dette må ha teke utruleg lang tid. Det er utruleg morosamt, og eg trur ikkje det er så mange som har opplevt noko liknande, seier Løken på telefon.

– Har du funne ut kven kunstnaren er?

– Ja, han heiter Svein Strømmen. Trur eg må ringe ha ein dag, fortel Ida Beate.

Mysteriet er løyst

Korleis i all verda hamna kunst frå Sunnfjord og Sogn i Hallingdal? Det er det sikkert mange som undrar seg over. Roald Urtegård som driv bensinstasjonen på Bromma har svaret.

– Det er søskenbarnet mitt, Svein Strømmen, som har laga måleria. Han er frå Askvoll i Sunnfjord. Han er i Hallingdal nokon gonger i året, og ein gong ville han henge opp nokre måleri berre for moro skyld, fortel Urtegård. Han synest det var veldig triveleg at Ida Beate tilfeldig oppdaga måleriet.

– Sven målar utruleg detaljert, seier Urtegård om fetteren sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen tok kontakt med kunstnaren.

– Eg brukte to månadar på måleriet av Ida Beate. Det heng til saman fem måleri som eg har laga på bensinstasjonen på Bromma, fortel Sven Strømmen frå Askvoll.