Den diktatoriske sentraliseringsiveren

Tenk det – at leiaren i kommunalkomiteen, Helge André Njåstad (Frp) i sin trussel og tvangsiver for å slå saman kommunane truleg vil foreslå å fjerne basistilskotet til kommunane i Distrikts-Norge. For Ål kommune vil dette dreie seg om eit økonomisk tap på om lag 13 millionar kroner!

Som kjent skal det haldast mange folkerøystingar vedkommande kommunereforma rundtom i landet. Til dømes gjeld dette i kommunane Ål og Hol den 10. april 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framstegspartiet pratar så fint om at dei er eit talerøyr «for folk flest». Dessutan eit parti som tradisjonelt har vore varme tilhengjarar av folkerøystingar, og at folket sin røyst er viktig å ta på alvor. Bør det ikkje vera slik denne gongen òg gjennom resultata av folkerøystingane? Eller har omgrepet demokrati fått eit nytt innhald i partiet? Når fem ulvar og ein sau skal bestemme kva dei skal eta til middag?