Skribenten er oppteken av å finne andre løysingar enn bomber i arbeidet med å få til fred i Midtausten. (Arkivbilete av byen Chebaa i Libanon der norske UNIFIL-styrkar dreiv fredsbevarande arbeid på 70, 80 og 90 talet.
Skribenten er oppteken av å finne andre løysingar enn bomber i arbeidet med å få til fred i Midtausten. (Arkivbilete av byen Chebaa i Libanon der norske UNIFIL-styrkar dreiv fredsbevarande arbeid på 70, 80 og 90 talet.

Den andre vegen

Det er dei uendeleg mektige mot dei så å seie makteslause.

I sine kontor i California eller Frankrike eller Russland sit dei militære kommandantane ved sine dataskjermar, med kaffikoppen ved sida og joysticken i handa, og dirigerer dronene inn over Midtausten. Eller dei plottar inn kvar mannskapet i bombeflya, mange tusen meter over bakken og difor usårlege nedanfrå, skal sleppe lasta av bomber.

Dei fleste Paris-terroristane var franske og belgiske, men det er ikkje forstader til Paris eller bydelar i Brussel som blir utsette for bombesleppa. Og når franske politikarar, som altså ikkje evna å kontrollere ungdommar i eigne område, påstår at dei er i stand til å ramme IS-medlemmer i Midtausten og samtidig skåne sivilbefolkninga, er det ikkje grunn til å tru dei. Det er større grunn til å feste lit til Frankrikes tidlegare – og kanskje neste – president, Nicolas Sarkozy, som vil ha total krig, altså ein krig der alle spelereglar om å skåne sivilbefolkninga blir sette til sides.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norge

Truleg er Norge snart ein del av dette. Statssekretær frå Frp Tom Cato Karlsen sa nyleg til NRK at verda ikkje blir betre før kvar einaste IS-sympatisør er utsletta frå jordas overflate. Utsletta altså, slik det i si tid heitte om jødar. Hans partikollega Christian Tybring-Gjedde seier at IS må knusast ein gong for alle, nestleiar Per Sandberg vil ikkje spare på noko for å bli kvitt IS, forsvarsminister Ine Marie Søreide utelèt ikkje på noko vis at norske styrker deltek, og Erna Solberg seier at det internasjonale samfunnet ikkje kan bli ståande passivt.

Det er altså dei uendeleg mektige mot dei så å seie makteslause, og det er Vesten mot dei andre. I Syria og Irak, som i alle land, finst ungdommar med ønske om å bruke livet for det dei meiner er rett og utan det tålmodet alderen gjerne fører med seg. Arbeid gjennom demokratiske kanalar er nyttelaust, for demokratiske kanalar finst ikkje, tenkjer dei. Den einaste sjansen me har, er aksjonar.

Rammar

Men slike aksjonar rammar sivile og uskuldige, innvender kanskje dei eldre. Sant nok, men det gjer også bombinga frå Vesten, svarar dei utålmodige med rette. Og dei føyer til, også med rette: Dessutan er dei ikkje uskuldige. Viss vestlege land er dei demokratia dei kallar seg, inneber det at vanlege folk er medansvarlege og ikkje uskuldige.

Slik skaper Vesten nye terroraksjonar. Erfaringane frå Afghanistan, Libya, Irak og andre land som har vore ramma av vestleg krigføring, burde ha lært oss det. Bombeflya, dronene og soldatane har ikkje fremja fred, men i staden ført med seg meir uro, ekstremtenking og terrorhandlingar. For kvar terrorist som blir fanga eller drepen av Vestens militærapparat, blir det to nye.

Me kan ta som døme Kambodsja og Pol Pots illgjetne gruppe på 1970-talet. Gruppa utgjorde ifølgje historikarar færre enn 5000 mann, dårleg utstyrte og dårleg væpna, utan militære røynsler, med store interne konfliktar og ei uklar leiing. Så utsletta dødslasta frå USAs B-52-fly landsby etter landsby, drap og invalidiserte. Kambodsjarane stod overfor valet mellom to dårlege alternativ, å støtte bombemakta eller å støtte Pol Pots folk. Slik dreiv Nixon og Kissinger med si bombing folk inn i armane på Pol Pot.

Respekt

Det finst ein annan veg. Det er å arbeide for ei verd basert på respekt, demokrati og framgang for dei på botnen. Det er å skjøne at syrarar og irakarar flest er omtrent som oss, dei vil ikkje ramme uskuldige. Og at lokalmiljø verda over er i stand til det overvakarar og militærapparat ikkje maktar, å kanalisere ungdoms opprørs- og handletrong inn i andre former og gjere den til ei positiv kraft.

Men då må me oppføre oss slik at dei har grunn til å sjå oss som venner og ikkje som medskuldige i den elendigheita som rammar dei. Difor er det me bør gjere, å arbeide for å realisere FNs nye berekraftmål om å utrydde svolt og fattigdom innan 2030, å få til mindre skilnader mellom fattig og rik, å fremje demokrati for alle og at fattige menneske skal oppleve framgang og med det få att trua på at neste generasjon kan få det betre enn denne. Og å krevje at norske styresmakter fordømmer vestleg terror mot land i Midtausten like absolutt som dei no fordømmer terroraksjonane.

Olav Randen