Dårleg kampsak

Gol kommune seier nei til sundagsopne butikkar. Det same seier kommune-Norge. Snart er det berre regjeringsmedlemene som ynskjer å handle på sundagar.

Meir liberale reglar for sundagshandel var ei av fanesakene til Høgre og Fremskrittspartiet framfor sist stortingsval. I januar i år fylgde den blåblåe regjeringa opp lovnaden. Kulturminister Thorhild Widvey (H) la fram forslag til endringar i «Lov om helligdager og helligdagsfred» som regulerer sundagshandelen. Ifylgje Widvey vil regjeringas forslag sikre meir like konkurransevilkår for varehandelen. Dessutan vil endringa kome forbrukarane til gode, hevda kulturministeren som har lagt fram to alternative modellar. Den eine går på at butikkane sjølve skal få bestemme om dei vil ha ope for sundagshandel. Den andre modellen legg opp til at kommunane skal kunne bestemme om det skal opnast for sundagshandel i sin kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag gjekk høyringsfristen ut. For regjeringa må resultatet vere nedslåande. Forslaget blir møtt med ein nesten unison motstand. Nesten alle kommunar seier nei til sundagshandel. Dette gjeld uansett partifarge til ordførarane. Motstanden er like sterk i Høgre-styrte som Ap-styrte kommunar. Også fagrørsla, Kyrkja og ei rekkje kristne organisasjonar er imot. Heller ikkje butikkeigarane støttar regjeringa. Næringslivsorganisasjonane NHO og Virke hevdar at mange butikkar vil måtte stenge dørene dersom det blir opna for sundagshandel. Begge organisasjonane krev at regjeringa skrinlegg forslaget. Det same gjer opposisjonen på Stortinget med KrF-leiar Knut Arild Hareide i spissen. Berre Venstre vinglar. Men også i Venstre er skepsisen etter kvart blitt større. Regjeringa er på si side avhengig av at minst eitt av opposisjonspartia støttar forslaget.

Men statsminister Erna Solberg (H) vil ikkje låne øyra til kommunepolitikarane, arbeidstakarane, Kyrkja, miljørørsla, butikkeigarane, næringslivsorganisasjonane og folk flest. – Motstanden mot reformen vil falme når den fyrst er gjennomført, hevdar statsministeren.

Det er mogeleg Solberg har rett. Men kvifor trumfe gjennom ein reform eit fåtal ynskjer? Sjølv om Høgre hadde sundagsopne butikkar som ein av programpostane framfor stortingsvalet, er det lov å endre standpunkt. Iallfall når snuoperasjonen er tufta på ny informasjon, ny kunnskap og folkevilje.

Å lytte til innspel er politisk klokskap. Dessutan bør ei regjering vere nøye med å velje sine kampar. Sundagsopne butikkar er i så måte ei dårleg kampsak.