Elaine Sevre t.v. og Eva Britt Ålien Dokken begynte på Defa på 70-talet - då kvinner vart industriarbeidarar.
Elaine Sevre t.v. og Eva Britt Ålien Dokken begynte på Defa på 70-talet - då kvinner vart industriarbeidarar.

Då husmora vart fabrikkarbeidar

Det var eit tidsskilje i Hallingdal. At ei industribedrift flytta til ei liten bygd, vart starten på noko heilt nytt for mange. Det var då husmora og småbrukaren vart industriarbeidarar.

{{imageLeft}}

Det er 50 år sidan motorvarmebedrifta Defa flytta frå Sandvika til Nesbyen. Den aller første innflyttinga av industri til Hallingdal. Ein heilt ny type industri som gav arbeid til mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg jobba i ein klesbutikk i Nesbyen i 1976. Gjennom kjente vart eg fortalt at det var betre betalt på Defa. Frå å selje parfyme og klede fekk eg opplæring i sveising. Det var ikkje akkurat det eg var van med, humrar Elaine Sevre.

I dag er ho ein veteran på bedrifta. Ho jobbar på motorvarmerekka, og stortrivst.

Eva Britt Ålien Dokken jobba i ein daglegvarebutikk på Bromma.

Då Defa kom til Nes, fekk kvinner jobb på fabrikkgolvet.
Då Defa kom til Nes, fekk kvinner jobb på fabrikkgolvet.
Defa har vore ei hjørnestein i Nes og for Hallingdal heilt sidan oppstarten i  1967.
Defa har vore ei hjørnestein i Nes og for Hallingdal heilt sidan oppstarten i 1967.
Adm.dir. og eigar Didrik Eidsvig.
Adm.dir. og eigar Didrik Eidsvig.
Tor Oscar Magnussen, til venstre, var fabrikksjef på Defa frå 1979 til 2004, og han heldt fram som rådgjevar til 2009. Her er han fotografert saman med dåverande klubbformann Tore Sveen, som var ein av dei tre arbeidarane som vart med då Defa flytta frå Sandvika til Nes i 1967.
Tor Oscar Magnussen, til venstre, var fabrikksjef på Defa frå 1979 til 2004, og han heldt fram som rådgjevar til 2009. Her er han fotografert saman med dåverande klubbformann Tore Sveen, som var ein av dei tre arbeidarane som vart med då Defa flytta frå Sandvika til Nes i 1967.
Olaf Øen var ordførar då Defa kom til bygda. Han spelte ei sentral rolle då Nes satsa på industri.
Olaf Øen var ordførar då Defa kom til bygda. Han spelte ei sentral rolle då Nes satsa på industri.
Rådmann Karsten Lund og ordførar Olaf Øen var eit effektivt tospann.
Rådmann Karsten Lund og ordførar Olaf Øen var eit effektivt tospann.
Adm. dir. og eigar Didrik Eidsvig saman med veteranane Ealine Sevre (t.v.) og Eva Britt Ålien Dokken.
Adm. dir. og eigar Didrik Eidsvig saman med veteranane Ealine Sevre (t.v.) og Eva Britt Ålien Dokken.
Kjell Dokken fekk jobb på støyperiet på Defa i 1974. – På støyperiet har det stort sett vore mannfolk, i monteringsavdelinga dominerer damene, fortel han.
Kjell Dokken fekk jobb på støyperiet på Defa i 1974. – På støyperiet har det stort sett vore mannfolk, i monteringsavdelinga dominerer damene, fortel han.
- Det låg i korta at eg skulle overta, seier Didrik Eidsvig.
- Det låg i korta at eg skulle overta, seier Didrik Eidsvig.
- Eg voks på ein måte inn i fabrikken, seier Didrik Eidsvig. Han er tredje generasjons eigar.
- Eg voks på ein måte inn i fabrikken, seier Didrik Eidsvig. Han er tredje generasjons eigar.
Terje Eidsvig overtok Defa etter far sin, Didrik Eidsvig, og bygde opp fabrikken i Nesbyen til ei hjørnesteinsbedrift.
Terje Eidsvig overtok Defa etter far sin, Didrik Eidsvig, og bygde opp fabrikken i Nesbyen til ei hjørnesteinsbedrift.
Sjølv om talet på tilsette har gått nedover dei seinare åra, er Defa på Nesbyen ein dominerande aktør innan næringslivet i Hallingdal.
Sjølv om talet på tilsette har gått nedover dei seinare åra, er Defa på Nesbyen ein dominerande aktør innan næringslivet i Hallingdal.
Osvald Medhus vart pådrivar for industrien i Hallingdal.
Osvald Medhus vart pådrivar for industrien i Hallingdal.

– Eg hadde ikkje tenkt å bli fabrikkarbeidar. Men Defa sende ut brev fordi dei trong folk. Lønna var nesten dobbel så høg som den eg hadde, og eg vart lova jobb til jul, seier ho.

Og Eva Britt er her framleis.

– Eg har vore innom mekanisk avdeling, lakkeringsverkstaden og no pakkar eg motorvarmarar. Det er heilt toppers!

SMILANDE GÅR FABRIKKEIGAR og tredje generasjons eigar, Didrik Eidsvig, gjennom rekka av maskiner og arbeidarar. Det «luktar» industri bokstaveleg tala i lokala. Etableringa som bestefar hans gjorde i 1967 i Nes vart ei solskinshistorie. Det er ei historie om eit vegval og ei ny tid.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Nes kommune stod overfor ei stor utfordring tidleg på 60-talet. Kraftutbygginga gjekk mot slutten. Den siste store utbygginga, Uste-Nes med bygginga av Nes kraftverk var avslutninga på Oslo Lysverkers utbygging i Hallingdal. I Nes såg politikarane kva som ville kome, nemleg arbeidsløyse. Anleggsarbeidarane måtte ha jobb. Industri vart løysinga. Det statlege Distriktnes utbyggingsfond var etablert for å fremje næringsverksemd i distrikta gjennom rådgiving, lån og investeringstilskot. Nes kommune med den offensive ordføraren Olaf Øen i spissen såg moglegheita. Alt i 1964 hadde ein delegasjon frå kommunen vore i Trysil og i Sverige for å sjå moderne industribygg. Det «tente» dei. Her skulle det leggjast til rette for industri, var dei samde om. Det vart med ein gong utarbeidd vedtekter for industribygg i Nes. Bygging kunne setjast i gang då minst halvparten av grunnflata var bortleigd, og i 1966 kjøpte kommunen eit større areal til industri på austsida av Hallingdalselva.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

SAMTIDIG VAR INDUSTRIGRÜNDAREN Didrik Eidsvig i Sandvika på leiting etter ein stad å etablere seg. Han hadde starta med leiketøyproduksjon alt i 1946, men etter få år satsa han i staden på produksjon av blant anna lysarmaturar og elektriske brytarar. I løpet av 1950-talet var bedrifta hans den første norske underleverandør til den svenske bilindustrien, og i 1960 introduserte han den første motorvarmaren for bilar.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

MEN EIDSVIG SLEIT med at Radionette i Bærum tok mykje arbeidskraft. Samtidig var det trongt om plassen. Didrik Eidsvig ville flytte til ein stad der bedrifta kunne vere lenge. Han var innom Kongsvinger og vart møtt med kaffi og kaker, men ingen konkrete tilbod før han heilt tilfeldig gjennom ei distriktssending i radio fekk høyre om industriplanane i Nes. Han drog til Nes og møtte ordførar Olaf Øen og rådmann Karsten Lund. Det var i april 1967.

– To proffe og flinke karar, seier sonen Terje Eidsvig, som seinare vart andre generasjons eigar av Defa. Måten dei møtte oss på overbeviste fattern om at Nes var den rette staden.

Kva som skjedde etter dette møtet er ein klassikar. Men historia er sann. For då Eidsvig hadde møtt Øen og Lund vart formannskapet hasteinnkalla. Der vart tilbodet til Defa-eigaren forma ut. Ein tilsett i Buskerud fylke som var til stades tok med seg brevet med tilbodet og posta det i Drammen. Då Eidsvig kom på kontoret neste dag, låg brevet frå Nes kommune på bordet hans. Då var han ikkje i tvil.

Berre to månader seinare begynte Defa produksjonen i Nes. Først i den gamle barneskulen i Nesbyen sentrum mens bygginga av eit kommunalt industribygg vart sett i gang på Nesbyen austside, som Defa seinare kjøpte til kostpris slik avtala var.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre tre av dei tilsette i Sandvika vart med til Nesbyen, minnest Terje Eidsvig.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

MEN I NES FANN Didrik Eidsvig det han var ute etter: Her var det arbeidskraft. Her var det

plass og rimeleg straum.

– Arbeidskrafta måtte lærast opp, i byrjinga budde dei i brakker i Sandvika, seier Eidsvig.

Blant maskinene i fabrikken står formannen på monteringsavdelinga, Kjell Dokken. Dokken fekk jobb på støyperiet på Defa i 1974. Ein skikkeleg veteran, altså.

– På støyperiet har det stort sett vore mannfolk, i monteringsavdelinga dominerer damene, fortel han.

{{facts}}

Artikkelen held fram under annonsen.

DEFA VAR EIN HEILT ny industri i Hallingdal. Med Defa kom fagforeininga Jern og Metall og skiftarbeid, småbrukarar kunne kombinere gardsdrift med industriarbeid og kvinnene vart industriarbeidarar. Produksjonen gjekk som på samleband, dei produserte for den svenske bilindustrien og eksporterte motorvarmarar. Det var noko internasjonalt over Defa.

Etter kvart flytta Eidsvig all produksjon til Nesbyen, utviklingsavdelinga også. På det meste var det omkring 200 tilsette på fabrikken. Den vart ei hjørnesteinsbedrift. Gjekk det bra på Defa, gjekk det bra i Nes.

– Rekrutteringa var ei utfordring då eg tok over i 1972, seier Terje Eidsvig.

For det var ikkje like lett å få ein ingeniør eller ein fabrikksjef for den del til å flytte til ei liten kommune ute på landsbygda. Tor Oscar Magnussen gjorde det i 1979, og var fabrikksjef til han gjekk av med pensjon i 2004. Men Magnussen heldt fram i ei rådgjevarrolle ved bedrifta fram til 2009. Han får mykje ros av Eidsvig.

– Og så vart han ordførar også, legg han til.

{{imageLeft}}

Arbeidskrafta på «golvet» har vore stabil.

– No har me tredje generasjons produksjonsarbeidarar hjå oss, seier Terje Eidsvig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du stolt?

– Eg har grunn til det. Sjølv om me flytta veldig langt, talar resultatet for seg sjølv. Det viser at det ikkje var så gale å gjere det.

DÅ DEFA FLYTTA TIL NESBYEN, var omsetninga 16 millionar, i dag er konsernomsetninga på over 600 millionar.

I 2001 overtok sonen til Terje Eidsvig, Didrik. Han er kalla opp etter bestefar Didrik. Didrik junior, som hadde sykla rundt på fabrikkgolvet og mellom arbeidarane sidan han var ein neve stor, fekk oppgåva med å føre arven vidare. Berre 28 år gammal og med utdanning frå USA i kofferten hoppa han i det.

– Fattern gav klar melding om at eg iallfall måtte bu i Nesbyen i eitt år etter at eg overtok, seier Didrik Eidsvig.

Han installerte seg på ein hybel i ein underetasje i eit bustadhus, spelte trombone i Nesbyen Hornmusikklag og fann kona si i bygda, Reidun. Full klaff med andre ord.

I desse åra har Defa ekspandert kraftig. Bedrifta er ikkje berre Europas største produsent av elektriske motorvarmarar, men har utvikla eit komplett bilvarmesystem, alarmar og belysning. Defa er delt inn i tre divisjonar. Det har skjedd mykje sidan flyttinga til Nesbyen for 50 år sidan. Men på desse åra er det også fasa ut produksjon – til Kina. Lampeproduksjonen er tidlegare flytta til ein fabrikk i Sverige.

– Me klarte å møte prispresset med den etableringa i Kina i 2005, seier Didrik Eidsvig.

Artikkelen held fram under annonsen.

NO ER DET 80 TILSETTE på fabrikken i Nesbyen. Elaine Sevre og Eva Britt Ålien Dokken er veteranar på fabrikken no. Her som dei begynte som unge.

– I klesbutikken måtte me arbeide laurdagane. Men ikkje her. Det «drog» nok ungdom til bedrifta, seier Elaine Sevre.

– Kva betydde Defa for dykk den gongen?

– At me fekk betre økonomi og at det vart mogeleg for oss å bli buande i Nes. Me slapp å pendle.

Osvald Medhus: – Ein revolusjon i bygdene

Industriutbygginga var starten på ei sterk utvikling i Bygde-Norge.

{{imageLeft}}

– Det hadde vore vanskeleg å seie korleis utviklinga i Hallingdal hadde vore utan industrien, seier Osvald Medhus.

Den tidlegare ordføraren var ein sentral politikar i Hallingdal på denne tida.

– Det var ein revolusjon i bygdene, seier Medhus.

– Det var mangel på alt etter krigen. Industriproduksjonen var konsentrert i byane. Men så fekk me Utbyggingsfondet for Nord Norge og seinare Distriktenes utbyggingsfond (DU) i 1961, seier han.

Verkemiddelet til DU var å gi lån og investeringstilskot for å fremje regional utvikling og næringsverksemd i distrikta. Det var ved god hjelp av DU at Defa kunne etablere seg i Nes.

– Hol hadde tradisjonell industri heilt frå før krigen med økseproduksjon og produksjon av knivar og reiskap. Med Defa kom ein ny type industri, og bedrifta var den første innflyttinga av industri til Hallingdal, seier Medhus.

– Det var ikkje sjølvsagt at Nes skulle få til det. Men Nes kommune var tidleg ute, og i den samanheng må det nemnast den eineståande innsatsen til ordførar Olaf Øen.

Dette var starten på ei rekkje industrietableringar. Ikkje berre i Nes, men også i andre kommunar. I Kleivi samarbeidde Hol og Ål kommunar om å leggje til rette ei stort industriområde. Medhus var arkitekten. Her vart det etablert eit SIVA-anlegg, ei forkorting for Selskapet for industrivekst. Det er eit statleg selskap som vart etablert i 1968. Selskapet bygde og eigde.

– Etter krigen vart bygdene våre tømde for ungdom og arbeidskraft. Å skaffe arbeidsplassar overskygga alt, seier Osvald Medhus.

* Defa etablerte seg i Nesbyen i 1967 og flytta all produksjon dit i 1970.

* I tillegg til motorvarmeproduksjonen hadde Defa ein vesentleg produksjon i presstøyping av aluminium til Volvo, Scania og Saab.

* Tidleg på 1980-talet introduserte Defa eit komplett bilvarmesystem med motorvarmar, kupevarmar, elektronisk batterilader og eit startur for innvendig montering i bilen, og det første alarmsystemet for bilar.

* I 2005 etablerte bedrifta ein fabrikk i Kina og styrte noko av produksjonen dit.

* Defa er heileigd av tredje generasjons Eidsvig, Didrik Eidsvig.

* Konsernet Defa har 350 tilsette. 80 av desse jobbar på fabrikken i Nesbyen.

* Defa er ei solid bedrift. Konsernet har ei omsetning på over 600 millionar. Driftsinntektene i 2016 var 435 millionar, og resultatet før skatt var 49 millionar.