Bravo Kvikkas!

Ja, du Kvikkas, du Kvikkas har sanneleg fått køyrt deg dei siste månadene – og med rette! Eg har sjølv delteke i hylekoret når Aftenposten laurdag etter laurdag har glimra med sitt fråvær i postkassa mi.

Men er me raske til å klage, må me også vere ærlege nok til å la høyre frå oss når det skjer positive ting. Og det har det til dei grader gjort her hjå meg. Sidan, eg trur det var julaftan, har Laurdags-Aftenposten lege i postkassa mi når eg har vore ute og henta Hallingdølen om morgonen! Det har aldri Posten makta. Sist det hende, var då avisa kom med eige bod alle vekedagar. Og det må vel vere seks-sju år sidan?

Artikkelen held fram under annonsen.

Så no lever du verkeleg opp til namnet ditt, Kvikkas. I alle fall i Tunvegen på Gol. Måtte det berre vare!