Bøkko sjuk - Rukke diska

Det vart ingen stor norsk dag i sprint-VM på skøyter i Heerenveen sundag.

Håvard Holmefjord Lorentzen greidde ikkje forsvare VM-tittelen frå i fjor. Han enda til slutt på fjerdeplass etter å ha slite på 500 og 1000 meter sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Hege Bøkko gjekk det heller ikkje bra. Etter fyrste dag låg ho  på 20.-plass. Bøkko har vore plaga med sjukdom dei siste dagane, og sundag valde ho derfor å stå over dei to siste løpa.

Henrik Fagerli Rukke låg på 15.-plass etter fyrste dag. På 500 meter sundag vart han diska, og dermed var sprint-VM over for holingen.

Pavel Kulizjnikov vart verdsmeister. i kvinneklassen vann Nao Kodaira.