Slik gjer du når Formel-1 bilen din tek for mykje plass i garasjen.
Slik gjer du når Formel-1 bilen din tek for mykje plass i garasjen.

Bilen på veggen

Kva gjer du når du har ein formel 1 bil til overs? Henger han på veggen så klart.

Knut Arne Svang fortel framleis historia om journalisten frå lokalavisa som ringde ein gong utpå seinhausten for å få ryktet bekrefta.

– Stemmer det at du har ein bil spikra på veggen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunstpause

– For så vidt, svara Svang og klukklo. Så la han til, hakket tørrare; – Han er vel helst bolta fast.

Fire månader har gått, og bilen heng framleis på boltane. Lokalavisa skal ta verket i augesyn.

Ei folkevogn dalar ned i skjul

Kaffi og krumkake framfor panoramavindauget i stova på Golsfjell Fjellstue. Låg sol over Tisleifjorden. Dagens gjester køyrer siste runde på isbanen.

Tisleifjorden og isbanen ligg ikkje stort meir enn eit par steinkast unna.
Tisleifjorden og isbanen ligg ikkje stort meir enn eit par steinkast unna.
I dag er det Mini, i morgon er det BMW. Gardsplassen er full så lenge isen på Tisleifjorden heldt seg.
I dag er det Mini, i morgon er det BMW. Gardsplassen er full så lenge isen på Tisleifjorden heldt seg.
Flunkande ny BMW M² møter ærverdig Buick frå 1930.
Flunkande ny BMW M² møter ærverdig Buick frå 1930.
Knut Arne Svang har gjort hobbyen om til næring.
Knut Arne Svang har gjort hobbyen om til næring.
Ein gong i tida vart den nytta som hotellbil. No står Buick’en trygg og varm i spesialbygd garasje på Golsfjellet.
Ein gong i tida vart den nytta som hotellbil. No står Buick’en trygg og varm i spesialbygd garasje på Golsfjellet.
Med tida skal også Buick'en frå 1927 restaurerast.
Med tida skal også Buick'en frå 1927 restaurerast.
Buick 1930
Buick 1930

– For å seie det rått, så har eg gjort hobbyen om til næring, seier Svang. – Me lever av motorsport. Eg veit ikkje korleis eg skulle ha fått fylt opp på denne tida, hadde det ikkje vore for isbanen.

Volkswagen, Toyota, Mini, BMW, Mercedes. Mellom forrige og neste bilmerke flyg Svang fjellstova rundt og byter brosjyrar og banner. I morgon er det BMW som gjeld.

– Dei er nøye på det. Når BMW kjem må seglet stå i flaggstonga, og det må stå BMW i panna på meg. Men Volkswagen kjem attende i veke sju, så bilane dei brukar på isen måtte eg flytte bort til naboen. No står dei der i skjul, ti nye folkevogner. Og så kjem Mercedes attende i veke ni og ti, og det er same lesten som BMW.

Slik går runddansen. «Du Svang, julekorta dine luktar det eksos av», var det ein gong ein kommunal miljøvernleiar som sa.

Røyker ikkje sigar i mariusgenser

– Høg sigarføring med så mykje prominente gjester?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tja. Ein del går nok i mørk dress på jobb i bilbutikken, men her senkar dei skuldrene og går i mariusgenser og olabukse.

Mariusgenser eller ei. Ei prominent historie eller to har han likevel på lager. Som då barna til Schumacher leigde isbanen for ein dag, eller då Märtha Louise heldt «englekurs» i fjøset.

– Märtha er ei triveleg dame. Eg har aldri fått så mange kongelege klemmar!

Rett nok tek han heller ein runde på isbanen før han inviterer seg sjølv innom på englekurs.

– Eg skrudde litt, og herja på

– Attende til bilen på veggen. Når, kvifor og korleis?

– Det er ein BMW, bygd på formel-1 fabrikken. Men det har aldri vore motor i han, det er berre eit skal. Han hamna i Sverige i si tid, før eg fekk tak i han. No har eg vel hatt han i ti år. Det fyrste eg gjorde var å setja han opp i snøhaugen framfor resepsjonen. Og der stod han, fortel han. – BMW syntest det var litt kult, for å seie det slik. Det vart mykje pressedekning på den.

Då bilen i snøhaugen vart utbrukt som reportasjevinkling, enda han opp i garasjen.

– Han tok jo vanvittig stor plass. Så ein dag fann eg ut at eg var nøydd å få han på veggen. Sverre Isachsen, han rallycross-føraren veit du, han er ganske god med gravemaskin. Han løfta bilen opp med skuffa, og så skrudde eg litt og herja på. No heng han der, flirer Svang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bumerket

– Googla du «kor mange boltar trengst for å hengje ein bil på veggen»?

- Han er ikkje tung, 250–300 kilo kanskje. Det har vore fleire her som har sagt dei vil kjøpe han av meg. Ein isbaneeigar frå Lappland har vore på meg fleire gonger, han ville ha den utanfor hotellet sitt. Heldigvis fekk han aldri tukla seg til å hente, så han vart verande her. Andre har sagt dei vil skru han opp i taket i verkstaden sin. Ein kar frå Haugesund mellom anna. Han blir nok litt skuffa no når han ser at eg har hengt han på veggen.

– Han er bolta fast så ingen får kjøpe?

– Ja, no blir han verande. Når vêr og vind begynner å tære, får eg kanskje ha på eit lakkstrøk. Etter ti år så blir han vel som eit bumerke å rekne, seier Svang og ler rått.

«Bjuken»

Snøhaugen der Formel-1 bilen ein gong stod er omgjort til vintergarasje. To gonger Buick i oppvarma glas og ramme. At enkelte meiner det er litt i overkant å byggje vintergarasje til Buick’en, bryr ikkje eigaren seg så mykje med. Ved sida av arvegodset står ein førebels urestaurert skatt frå 1927, importert frå Amerika.

– Eg satsar på bil, og anna ein kan dure rundt med. Eg har ein Formel-1 bil skrudd på veggen, og gamle bilar etter far min. Buicken kjøpte han i -47, og den har vore på bruket sidan då. Det er ein 1930-modell, med mykje historie, seier Svang.

– Eg når eit visst publikum, og det er dei eg vil ha. Då må eg jo sette stemninga, slik at dei som likar bil kan trivast her.