Avis i skulen
Arbeidet med Avis i Skolen i Hallingdølen er delt mellom Grete Sveinhaug og Tor Folgerø. Tor besøkjer skolane om nokon ønskjer det. Dersom det er skoleklassar som gjerne vil kome på besøk i Hallingdølen kan avtale om dette gjerast med Tor. Det er i første rekke elevar i ungdomsskolen og i vidaregåande som vil ha utbyte av besøk hjå oss.
Ta kontakt med Grete dersom de ønskjer klassesett av avisa eller anna Avis i skolen-materiell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avisveka.
I veke 44 vil elevane på 4., 6. og 9. trinn få tilbod om å motta elevhefter og ei vekes klassesett av Hallingdølen.
Skrivestafett.
7. trinn. Ein forfattar skriver første kapitlet, og påmeldte klasser får deretter utdelt kvart sitt kapittel å skrive. Det blir sett opp kjøreplan der klassane ser kva for kapittel dei skal skrive.
Nilesaren.
Dette er eit tiltak for dagsaktuell undervising for 9. trinn. I ni veker får elevane gratis aviser og ferdige oppgåvesett. Læraren kan sjølv velja tidsrom for gjennomføring.
Kommunestyre-og fylkestingsval/ Stortingsval.
I samband med alle val gir AiS ut eigne elevhefter for mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule, og Hallingdølen tilbyr gratis klassesett av avisa i tre veker i tida før valet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grete Sveinhaug Tor Folgerø
Tlf: 32 08 65 03 Tlf: 32 08 65 21