Alpint: Best i Norge

Alpinistar frå Hallingdal tok fleire medaljar i Telenorleikane.

Telenorleikane er å rekne som uoffisielt NM for 13-og 14-åringar.

I helga tok geilingane Lea Uthus og Bjarni Tor Hauksson kvar sin siger i meisterskapen. Sundag stod begge øvst på pallen etter slalåmrennet. Lea Uthus vann J14 med 11 hundredelar ned til neste jente. Klubbkamerat Hauksson var 79 hundredelar føre sølvvinnaren i G14. Klubbkamerat Mathias Kristinsson vart nummer fem i det same rennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingane hadde ein god start på helga, med medalje alt på opningsdagen. Då tok Lea Uthus sølv i Super-G. Geilojenta hadde ei god helg i bakkane på Vassfjellet, og laurdag vart ho nummer fem i storslalåm.

På gutesida vart det ingen fleire medaljar, men Hauksson vart nummer fire i super-G fredag, med Aksel Strømberg (Geilo) på femte- og Birk Barlaug Sannes (Hemsedal) på sjetteplass. I storslalåmrennet laurdag var Strømberg best på sjuandeplass i G14.