Det var liv på julejammen på Pers andre juledag i 2009 då Stig Nedreberg (t.v.) og kompani var på scena
Det var liv på julejammen på Pers andre juledag i 2009 då Stig Nedreberg (t.v.) og kompani var på scena

35 år med musikkfest

Når dørene til Pers hotell opnar i kveld er det 35 år sidan den første julejammen.

Det kosta ein 10-kroning å kome inn på Saga IN, om ein var medlem i Hallingdal musikkforum i 1982. «Shag» og «Posion» toppa plakaten for det som den gongen gjekk under namnet «Juleflippen».

Det vart i hovudsak invitert til å ta med seg instrument og kome.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er framleis lov å kome med instrument i hamda. Me står klar med eit dyktig husband, seier Anders Medhus, styreleiar i Hallingdal musikkforum.

Smidd over same lesten

Oppskrifta er mykje den same som for 35 år sidan. Men på plakaten er det Lars Erik Bokkhus, frå Plumbo som står, i tillegg til husband med Magne Frydenlund frå Flå i spissen. Frydenlund vil for mange vere kjent som bassist og vokalist frå coverband som Det Betales og Splitter Pine.

Scena er framleis ope, og det er lov å melde på band.

The Subherbs, med Andreas T. Bergo, Henrik Nytun og Anders Kristoffer Folkedal Hajem kjem på årets julejam
The Subherbs, med Andreas T. Bergo, Henrik Nytun og Anders Kristoffer Folkedal Hajem kjem på årets julejam
Rockegruppa Lungemaskin kjem, her fotografert under eit støttekonsert for Gaza i 2009.
Rockegruppa Lungemaskin kjem, her fotografert under eit støttekonsert for Gaza i 2009.
Daniel Kvammen var på jammen og fekk Forumprisen i 2013
Daniel Kvammen var på jammen og fekk Forumprisen i 2013
Tonje Halbjørhus var på julejammen tidleg i sin musikkarriere, her frå 2009.
Tonje Halbjørhus var på julejammen tidleg i sin musikkarriere, her frå 2009.

– Førebels har berre to band meld seg, men det brukar å kome fleire når det nærmar seg, seier Medhus, fredag ettermiddag, sjølv om påmeldingsfristen eigentleg var innan i dag.

Treige med påmeldingane

I kveld, 29. desember, er det 35 år sidan musikkforum arrangerte sin første jam.

Forumprisen blir tradisjonen tru delt ut ved midnatt. Prisen brukar vere på 10.000 kroner og gå til ein person som har utmerkt seg i musikkmiljøet i dalen.

Av banda som er klare for kveldens jam er Lungemaskin (Ål/Hol) og Subherbs (Ål). Sistnemnde er i likskap med eit par hundre andre band omtala i «Hallingband», ei bok som musikkforum var oppdragsgjevar for i 2017.

Også julejammen er omtala i boka. Fleire musikarar og band har debutert på julejammen opp gjennom tidene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangementet har 20. årsgrense, men det er ope for yngre deltakarar.