Kvar skal hovudvegane mellom aust og vest gå? Fylkespolitikarane i Hordaland går inn for E134 og E16 som hovudvegar mellom aust og vest.
Kvar skal hovudvegane mellom aust og vest gå? Fylkespolitikarane i Hordaland går inn for E134 og E16 som hovudvegar mellom aust og vest.

Vrakar Hallingdal

Fylkespolitikarane i Hordaland går for Haukeli og Valdres som hovudvegar mellom Oslo og Bergen.

Det er klart etter at utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune i møtet onsdag vedtok innstillinga som låg føre frå fylkesrådmann Rune Haugsdal.

I innstillinga til fylkesutvalet tilrår utvalet å seie ja til E134 (Haukeli) som stamveg mellom Oslo og Bergen. Og ved å seie ja til E134, tilrår utvalet også at det blir sett i gang arbeid med ei konseptvalutgreiing (KVU) for vegen Bergen-Odda. Samstundes viser utvalet til dei store investeringane som er gjort på E16 over Filefjell, og tilrår fylkesutvalet å vedta at E16 blir halde som det nordlege sambandet mellom aust og vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utbygging av Rv52 er samfunnsøkonomisk ulønsam, heiter det i vedtaket som fekk fleirtal med Arbeiderpartiet, KrF, Sp, Venstre og Frp.

– Ein trussel

– Eg har sagt det frå dag éin. Dette er ein trussel for Hallingdal. Me kan risikere å sitte att utan nokon ting, seier Hol-ordførar Petter Rukke.

Med vedtaket i Hordaland fryktar Rukke nye signal frå Sogn og Fjordane.

– No manglar det berre at Sogn og Fjordane seier at dei går for E16 under føresetnad av at dei får meir pengar inn i Sogn. Då står me der.

Hordaland har vorte sett på som ein alliert for Rv7 over Hardangervidda, og Rukke viser til at sterke krefter i næringslivet i Bergen ønskjer Rv7.

– Men med klare føringar for å starte arbeidet med vegen Bergen-Odda, spinn dei vidare på den. Då er eg uroa for Voss-Bergen. Arna-Stanghelle er rimeleg klar. Men kva med strekninga til Voss? Det er ein del pengar som skal inn i Hordaland. Det blir ein kamp, seier Rukke.

Overraska

Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, kallar vedtaket fylkespolitikarane i Hordaland gjorde onsdag for «spesielt» og «oppsiktsvekkande».

For hensikta med høyringsdokumentet som er sendt ut frå Statens vegvesen var å få innspel på kva for veg av Rv7 og Rv52 som er best eigna til å vere den andre hovudvegen mellom aust og vest i tillegg til E134.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det spesielle er at fylkeskommunen glatt overser spørsmålet frå regjeringa. Det regjeringa har spurt om er Rv7 eller Rv52. Det svarar ikkje Hordaland på, seier Gurigard.

I staden viser Hordalandspolitikarane til at Rv52 er samfunnsøkonomisk ulønsam og går heller for E16.

– Det er oppsiktsvekkande at dei overprøver regjeringa når regjeringa har sagt at den vil ha to vegar i tillegg til E16 som er rusta opp